nyhende
Difor bør du vaksinere deg mot hjernehinnebetennelse
Ein av ti som får smittsam hjernehinnebetennelse døyr. Folkehelseinstituttet oppmodar all ungdom mellom 16 og 19 år å vaksinere seg – og minner også om at det finst to ulike vaksinar.
– Dei siste ti åra er det kvart år blitt meldt inn mellom eitt til fem tilfelle av meningokokksjukdom i aldersgruppa 16–19 år. Ein av ti ungdomar som blir smitta døyr av sjukdomen, og opptil ein tredel får alvorlege skadar, fortel overlege ved avdeling for smittevern og vaksine ved FHI, Sara Viksmoen Watle.
Russetid = risiko
Sjølv om talet på tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse i Noreg er låg, har likevel ungdom i den utsette aldersgruppa høgare risiko for smitte enn nordmenn elles. Forklaringa er at frisk ungdom oftare har bakterien i halsen.
Når våryre unge samlar seg og deler alt frå flasker, glas, sigarettar og kyss, aukar faren for dropesmitte.
– Mange av smittetilfella har vore knytt til russefeiring, men risikoen for sjukdom aukar generelt når mange ungdommar er samla; slik som på festivalar, idrettssamlingar og ungdomsleirar. Lite søvn og mykje alkohol kan i seg sjølv mellombels auke risikoen for smitte og alvorleg sjukdom. Ungdom er også meir mottakeleg for infeksjonar om slimhinnene deira er såre. Og det blir dei fort – av skriking, høglydt synging og sigarettrøyk, seier Watle til Nynorsk pressekontor.
Bør bli gratis
Det finst fleire ulike typar meningokokkbakteriar, såkalla serogrupper, og difor også to ulike vaksinar. Den mest brukte vaksinen blant norsk ungdom er ACWY-vaksinen, som beskyttar mot dei fire ulike serogruppene som har vore mest vanleg i blant norsk ungdom dei siste åra: Serogruppe Y har stått for dei fleste sjukdomstilfella, og det har i tillegg vore nokre få tilfelle av serogruppe W og C.
ACWY-vaksinen kostar 400 kroner, men fleire kommunar og fylke har dei seinare åra tilbydd vaksinen gratis til ungdom i den utsette aldersgruppa. Overlege Watle seier FHI ser ein tydeleg samanheng mellom kor mange som tek vaksinen og om han er gratis eller ikkje:
– I 2023 tok 60 prosent av alle 18-åringar ACWY-vaksinen. Somme av fylka som hadde høgast oppslutnad, tilbaud gratis vaksine. FHI meiner at ACWY-vaksinen bør vere gratis for alle og ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, slik at all ungdom får lik moglegheit til å beskytte seg mot sjukdomen. Me sende ei tilråding om dette til Helse- og omsorgsdepartementet i fjor sommar, men har førebels ikkje fått noko avklaring.
Feriefare
Om ACWY-vaksinen skulle bli gratis i framtida, beskyttar han uansett ikkje mot serogruppe B, som er den mest utbreidde meningokokksjukdomen elles i Europa, understrekar Watle.
Mellom 2014 og ut 2022 var det rett nok ingen tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse forårsaka av serogruppe B hjå ungdom mellom 16–19 år i Noreg, trass i at serogruppe B-bakterien finst blant andre aldersgrupper i befolkninga.
I 2023 vart det derimot brått rapportert om fire tilfelle av serogruppe B blant norske tenåringar. Av desse var tre av tilfella blant 16-19-åringar. Det var til dømes bakteriar frå serogruppe B som førte til at ein 18 år gammal gut frå Bærum vart sjuk og døydde i fjor. Truleg vart han smitta under ein russetur til den greske øya Ios.
– Mange har ikkje vore klar over at ein må vaksinere seg med begge vaksinetypar om ein skal vere beskytta mot alle gruppene av meningokokkbakteriar. Det er viktig å hugse på, særleg for dei som skal studere utanlands eller reiser utanfor Norden på russetur eller andre ungdomsturar, seier Sara Viksmoen Watle til NPK.