nyhende
Dialog om finansiering av Fv. 541
På formannskapsmøtet måndag opplyste rådmann Jostein Førre at kommunen er i dialog med Vestland fylkeskommune om moglege måtar å finansier Tjernagelvegen på.
Ordførar André Mundal Haukås supplerte med å opplysa at spørsmålet om forskottering har vore oppe, og dette er så langt ikkje blitt avvist av fylkeskommunen. Det blei også vist til eit nytt møte om denne saka som kommuneleiinga i Sveio skulle ha med fylkeskommunen i løpet av veka.
Dette møtet blei gjennomført torsdag, men enda ikkje opp med nokon konklusjon. Førre opplyser til Vestavind at det skal haldast eit nytt møte i februar, og rådmannen avventar eit notat frå fylkeskomunen som han vil leggja fram for kommunestyret i april.