nyhende
Kommunen bør spara 12-15 millionar kroner årleg:
Dette legg press på kommuneøkonomien
Effektivisering og strukturendringar er i fokus, men ein kjem nok ikkje unna redusert tenesteproduksjon, seier rådmannen. Elektriske bilar, samanslåing av bufellesskap, endringar i skulestrukturen og sal av kommunale eigedomar er nokre av tiltaka som kan skapa handlingsrom.
Over tid vil Sveio kommune ha for lite økonomisk handlingsrom om det ikkje blir gjort tiltak, fastslår rådmann Jostein Førre i ei sak som kommunestyret skal behandla kommande måndag. Det er ikkje unikt for Sveio, for kommunane i landet kan ikkje rekna med like høge inntekter i åra som kjem.
Full verknad frå 2024
– Lokale forhold i Sveio kommune gir også redusert økonomisk handlingsrom dei kommande åra, skriv rådmannen i saka, der han viser kva løysingar administrasjonen ser føre seg i dag. Målet er full verknad i 2024.
Kort fortalt bør Sveio kommune finna tiltak som forbetrar kommuneøkonomien med rundt 15 millionar årleg. I første omgang foreslår rådmannen at ein har 12 millionar kroner som arbeidsmål i løpet av ein periode fram til 2024.
Krevjande
– Det vil vera særs krevjande å auka handlingsrommet med 12 millionar kroner innan 2024, dette må realiserast gjennom meir effektiv drift, strukturendringar, redusert tenesteproduksjon og eventuelt auka inntekter. Det er eit mål å i størst mogleg grad auka handlingsrommet ved effektivisering og strukturendringar, men ein kjem nok ikkje unna redusert tenesteproduksjon, kommenterer Førre i saka.
For å nå målet, jobbar rådmannen med ein plan for auka økonomisk handlingsrom i Sveio, tiltak med store verknadar vil bli lagt fram for politikarane før gjennomføring.
Kommande år er det fleire forhold som vil leggja press på driftsøkonomien, her er noko av det som blir påpeikt:
- Aldring av befolkninga vil leggja press på offentlege tenester.
- Driftkostnadar må i 2021 reduserast med rundt 4 millionar kroner i 2021 for å unngå meirforbruk i vedteke budsjett.
- Inntekter frå Havbruksfondet går inn i kommunen sitt budsjetterte netto driftsresultat, er blir sett i fond i samband med planlagde prosjekt. I 2021 er det budsjettert med 4 millionar kroner i inntekter, frå 2022-2024 er det 2 millionar kroner årleg per år.
- Det er vedteke å avvikla eigedomsskatten. I 2021 vil det vera om lag 3,2 millionar kroner i eigedomsskatt, desse skal halverast i 2022, og vera vekke frå og med 2023.
- Store prosjekt som er under planlegging vil føra til auka kostnader til finansiering og drift, det største er badeanlegg. Det er eit mål at kostnadane ikkje skal utgjera meir enn 1 prosent av kommunen sine inntekter, for 2021 vil det seia rundt 3,7 millionar kroner.
Arbeidet med å finna ut kor ein kan spara er alt i gong, her er nokre punkt som rådmannen framhevar:
- Sak som skulestruktur kjem snart, endra skulestruktur kan gi vesentlege positive økonomiske verknader.
- Kommunen har to bufellesskap. Det er vedteke å samlokalisera desse – det vil truleg gi økonomisk gevinst.
- Heimetenesta vil mogleg gå over til elektriske bilar – det er venta å vera økonomisk gunstig.
- Ny kommunal barnehage er under planleggjing i Sveio sentrum, realisering vil truleg redusera kostnadane til kommunen, i alle fall i forhold til kostnadane med andre nødvendige tiltak om ein ikkje byggar nytt.
- Kostnadane med kommunens seniorpolitikk er redusert ved endring i seniorreglement.
- Det blir lagt til rette for sal av fleire kommunale eigedomar, som vil redusera kommunen sine kostnadar.
- Det blir jobba med digitalisering på ulike område, det er venta å bidra til auka økonomisk handlingsrom og betre tenester i kommunen.
Ueinig med rådmannen
Frå politikarane ønskjer rådmannen støtte til å halda fram med planane han gjer greie for i saka. Det har han fått frå formannskapet, som hadde møte 8. februar, men ikkje alle var einige i dette.
– Eg er einig i rådmannen si framstilling, men ueinig i hans medisin, sa Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre. Han la fram eit nytt forslag som seier opplysningane er registrerte – han ønskjer altså ikkje å auka kommunen sitt økonomiske handlingsrom som rådmannen skisserer.
Rune Teikari frå Sveio FrP synest det var godt å få belyst saka.
– Eg tenker at eg støtter rådmannen si innstilling, så får me sjå etter gruppemøte fram mot kommunestyret, sa Teikari.
Konsekvens av kutt
– Dette er ein konsekvens av det som har skjedd i innverande år, sa Monica V. Valen frå Sveio Senterparti, og viste mellom anna til posisjonen sitt kutt i eigedomsskatt. Ho spurte rådmannen om endring av skulestruktur er ein føresetnad for å få budsjettet til å gå i hop.
– Det er mange måtar å skaffa økonomisk handlingsrom på, me brukar mange hundre millionar årleg. For å skapa økonomisk handlingsrom, vil det går ut over noko, det vil ikkje bli likt som før. Ein må gjera det på ein så god måte som mogleg, og ta vare på tinga me prioriterer, svara rådmann Jostein Førre.
Blir alltid utfordra
Håkon J. Skimmeland virka ikkje forundra over saka. Han har vore snart 14 år i politikken, og har funne ut at romsleg kommuneøkonomi ikkje eksisterer.
– Ein blir alltid utfordra på prioritering. Det er ikkje noko nytt, men ein kontinuerleg prosess. Me er nøydd for å gjera noko dei nærmaste åra – og på eit meir langsiktig perspektiv, og bli bevisste på korleis me skal byggja Sveiosamfunnet vidare, sa Skimmeland i det digitale møtet.
4-3 for rådmannen
Då politikarane skulle stemma, kunne dei velja mellom to forslag til vedtak, som går vidare til kommunestyret måndag 22. februar:
Rådmannen: Kommunestyret tar saka til etterretning og stettar rådmannens arbeid med å auke Sveio kommunens økonomiske handlingsrom.
Lars Einar Hollund (H): Kommunestyret tar saka til vitande.
Resultatet blei at rådmannen sitt går vidare. Dei som stemte på dette, var Rune Teikari og Ruth G. Østebøvik Eriksen frå Sveio FrP, og Linn Therese Erve og Håkon J. Skimmeland frå Sveio Ap. Jarle Jacobsen (KrF), Monica V. Valen (Sp) og Lars E. Hollund (H) var i mindretal.