nyhende

Her blir det planlagt ny løysing ved innkøyringa til Sveio sentrum.

Dette krysset kan få ny løysing

Krysset på fylkesveg 47 ved innkøyringa til Sveio sentrum er eitt av prosjekta Vestland fylkeskommune tek sikte på å lysa ut i 2026.

Publisert

Det går fram av oversikta til fylkeskommunen over kva vegprosjekt som skal lysast ut i Vestland fylke i år.

– Det opna seg ei moglegheit for finansiering av prosjektet, då styringsgruppa i Haugalandspakken har sett av 32 millionar 2024-kroner til tiltak for trafikksikring og kryssutbetring i Sveio i samanheng med den forlenga Haugalandspakken, skriv seksjonsleiar for utbygging vest, Andreas Kolås, i Vestland fylkeskommune i ein e-post til Vestavind.

Tidleg i prossesen

Ifølgje seksjonsleiaren skal fylkeskommunen avklara kva løysingar ein ønskjer å gå for ved det noverande krysset saman med Sveio kommune, før sjølve prosjektet blir lyst ut.

– På noverande tidspunkt held me på med prosjektering og optimalisering. Det er derfor for tidleg å visa skisser eller illustrasjonar av korleis krysset kan bli, og korleis trafikkavviklinga blir, held seksjonsleiaren fram.

Ifølgje Kolås er målet å lysa ut anbodskonkurransen, og at styringsgruppa tek endeleg stilling til prosjektet i løpet av året.

Powered by Labrador CMS