nyhende
Dette får Sveio frå Havbruksfondet i år
I år blir det utbetalt éin milliard kroner til 140 kommunar og sju fylkeskommunar frå Havbruksfondet. Sveio får også ein bit av kaka.
Det er Havbruksfondet som fordeler den kommunale sektoren sin andel av inntekter frå vekst i oppdrettsnæringa, og inntekter frå avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure.
Sveio får nær 3,4 millionar frå Havbruksfondet dette året – i fjor var utbetalinga på heile 10,6 millionar kroner.
Me høyrer med rådmann Jostein Førre om korleis penganeskal forvaltast. Han viser då til eit vedtak som kommunestyret har gjort som gjeld ved bruk av Havbruksfondet:
«Inntektene frå havbruksfondet har vore ei kjærkomen vitamininnsprøyting for Sveio kommune. Dette er likevel ei ustabil inntektskjelde, som det er uheldig å ha som ein del av driftsramma. Rådmannen bes derfor sørge for at alle framtidige inntekter frå havbruksfondet blir halde utanfor og sett på fond til å dekke kostnader i samband med planlagde prosjekt som t.d. ny idrettshall eller badeanlegg. Resterande midlar frå havbruksfondet, som ikkje alt er tatt inn i drift 2021, skal setjast på fond til «fleirbrukshall».»