nyhende
– Dette er jo meg opp i dagen!
– Dette er jo meg oppi dagen, sa krigsseglaren Nils Severin Økland (108) då han i fjor haust fekk sjå det uferdige portrettet av seg sjølv som kunstnaren Ross Kolby var i ferd med å mala.
Torsdag blei det ferdige kunstverket , som har fått tittelen «Skytteren», presentert og overlevert til Vestland fylkeskommune i Vestlandshuset i Bergen. Det skjedde dagen før Økland ville ha fylt 109 år. Han døydde 7. november i fjor.
– Historia til Nils Severin, historia om krigsseglarane og andre verdskrig er historia om kva det kostar å kjempa for fridom og demokrati. Her plå Vestlandshuset vil maleriet no fungera som eit minne om innsatsen som blei lagt ned av krigsseglarane for vår fridom, tryggleik og demokrati. Det vil også minna framtidige generasjonar på at fridom, tryggleik og demokrati aldri kan takast for gitt, sa fylkesordførar Jon Askeland under seremonien i Vestlandssalen torsdag.
Sjå video lenger ned i saka.
Gåve til fylkeskommunen
Portrettet er ei gåve frå Bergens Rederiforening, Den Norske Krigsforsikring for Skib, GC Rieber Fondene, Hansa Tankers, J. Ludwig Mowinckels Rederi, Westfal-Larsen Group Resources, Norges Rederiforbund, Samlerhuset og Kongelige Norske Marine.
Etter at han rømde frå heimbygda Auklandshamn til Shetland saman med ein bror og ein fetter i 1941, fekk Økland opplæring som skyttar og tenestegjorde på ni handelsfartøy, deriblant båtar som tilhøyrde J. Ludwig Mowinckel og Westfal-Larsen. Som skyttar hadde han dessutan Marinen som oppdragsgjevar. Han var med på meir enn 50 konvoiar over Atlanteren.
– Ein stor dag for oss
– Dette er ein stor dag for oss og eit arrangement me har gledd oss til, seier Bjørg Elin Økland.
Ho er dotter til Nils Severin Økland og var gjest under avdukingsseremonien saman med broren Magne Økland. Familien var dessutan representert ved Bjørg Elin sin son og dotter, og dottera sin sambuar.
– Det ferdige portrettet er kjempefint og fullt av symbolikk. Me er stolte av at dei vil heidra far på denne måten, seier Bjørg Elin Økland vidare.
Ho fortel at Ross Kolby besøkte faren ein gong, snakka med han og tok bilde. På dette grunnlaget har han så laga portrettet. Under vegs i prosessen fekk Magne låna med seg det uferdige kunstverket for å visa det til faren. Og som me forstår, fall det i smak hos mannen som var fødd under første verdskrigen, kjempa i den andre og levde lenge nok til å oppleva starten på krigen i Ukraina som enno har eit uvisst utfall for Europa.
Det er laga ein film om slaget om Atlanteren og Nils Severin Økland si historie.
Heider til krigsseglarane
Initiativet til å portrettera Nils Severin Økland kom opp i samband med 80-årsjubileet for «The Battle of the Atlantic». Ein av pådrivarane har vore tidlegare forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Maleriet får permanent plass i Vestlandshuset si publikumsavdeling og tenkt å vera ei påminning om krigsseglarane sin innsats for nye generasjonar.
Kunstnaren Ross Kolby (52) har dei siste 12 åra malt ein serie portrett av sentrale personar under andre verdskrigen, som kong Haakon VII, kong Olav V, kong Harald V, Vera Lynn, Wilhelm Mohr, Ingvald Wahl, Gunnar «Kjakan» Sønsteby og Erling Lorentzen.
Økland med i neste opplag
Han har også malt eit portrett av dronning Elizabeth II, visstnok det siste av den aldrande britiske monarken og eit kunstverk ho personleg involverte seg i. Maleriet blei gitt i gåve til Utenriksdepartementet av Special Forces Club i London i 2022. Samstundes kom boka «Allies» med Kolby sine portrett og tekstar av ei rekke norske og britiske bidragsytarar. Redaktør for boka er Erling Eikli, tidlegare redaktør av Forsvarets Forum. Og ingen ringare enn kong Harald V har skrive forordet.
– Boka kjem i nytt opplag i juni, og då skal også portrettet av Nils Severin Økland vera med, fortel Kolby til Vestavind.