nyhende
Dette er dei ti mest populære yrka blant unge
Unge jenter og gutar har framleis tradisjonelle yrke høgt på lista over kva dei vil bli når dei blir store.
Ei ny internasjonal undersøking frå OECD viser nemleg at halvparten av norske 15-åringar er usikre på kva dei vil bli i framtida. Blant dei som har tankar om eit visst yrke, drøymer fleirtalet om eitt av ti yrke.
Blant jentene er helse, jus og kreative yrke mest populære. Gutane drøymer ofte om tekniske og praktiske fag som elektrikar, mekanikar og ingeniør – men også yrke innan sport og idrett.
– Det er positivt at mange unge drøymer om yrke det faktisk er behov for. Men lista er for snever, og den fangar ikkje opp heile breidda i arbeidslivet. Her har skulen og karriererettleiinga ei viktig rolle i å vise fram ulike yrke og moglegheiter, seier Sveinung Skule i ei pressemelding.
Han er direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) og leiar av Kompetansebehovsutvalget.
Tradisjonelle kjønnsroller heng framleis igjen når unge skal velje yrke.
- Lege
- Juridiske yrke
- Samfunnsvitskaplege, humanistiske og religiøse yrke
- Yrke innan sport og idrett
- Elektrikar osb.
- Sivilingeniørar (unnateke elektroteknologi)
- Sjukepleiar og spesialsjukepleiar
- Arkitektar, designarar osb.
- Tryggingsarbeidarar (brann, vektarar, fengselsbetjentar)
- Mekanikarar og reparatørar