For bedrifter
* Den nasjonale kompensasjonsordninga for næringslivet blir forlengd og justert. For perioden november-desember blir kravet til omsetningsfall senka frå 40 prosent førre periode, til 30 prosent. Maksimalt støttebeløp per bedrift/konsern blir redusert frå 20 millionar til 15 millionar kroner for tomånadersperioden. Det blir foreslått avgrensingar på utbytte for dei verksemdene som får støtte. Tiltaket må godkjennast av Eftas overvakingsorgan ESA.
* Garantiordninga for banklån til bedrifter blir gjeninnført. Staten garanterer for 90 prosent av beløpet i nye banklån til bedrifter som står overfor ein akutt likviditetsmangel som følgje av utbrotet av koronaviruset. Den maksimale løpetida for garanterte lån under ordninga er seks år, inkludert eventuelle forlengingar.
* Regjeringa vil vurdere om det er mogleg å gjere det enklare for kriseramma bedrifter å søkje om utsetjing av skatte- og avgiftsinnbetalingar.
* Det blir jobba med ei ny lønnsstøtteordning. Regjeringa håper å ha eit forslag klart i løpet av veka.
* Det blir varsla tiltak for luftfarten.
* Kompensasjonsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar blir forlengd.
* Rett til dagpengar til ledige og permitterte blir forlengd, uavhengig av kor lenge dei har fått yting.
* Perioden for AAP-mottakarar som er avklarte for arbeid blir forlengd.
* Forhøgd dagpengesats blir forlengd. Ordninga gir 80 prosent kompensasjon for den delen av dagpengane som er under 3 gonger grunnbeløpet.
* Særreglane med dagpengar for lærlingar blir forlengde.
* Ordninga med at ein kan jobbe opp til 60 prosent av vanleg arbeidstid før ein mistar støtte blir forlengd. Normalt er grensa 50 prosent.
For arbeidstakarar – tiltak som blir gjeninnført
* Personar som har låg opptening i 2021 får betre dagpengeordning. Kravet til tidlegare inntekt for å få dagpengar blir sett ned frå 1,5 G til 0,75 G siste 12 månader, eventuelt frå 3 G til 2,25 G siste 36 månader.
* Kravet om at ein må ha minst 50 prosent reduserte arbeidstid for å få dagpengar blir lempa på, slik at ein òg har rett på dagpengar dersom ein berre får arbeidstida redusert med 40 prosent.
* Ordninga med dagpengar til lærlingar blir opna for nye tilfelle.
* Nav får heimel til å forskotere dagpengar ved behov.
For kulturlivet, idretten og det frivillige
* Støtteordninga for store publikumsopne arrangement blir foreslått gjeninnført for perioden desember 2021 – mars 2022.
* Stimuleringsordninga for kulturarrangement blir foreslått gjeninnført ut mars 2022.
* Kompensasjonsordninga for kultursektoren blir foreslått forlengd ut første halvår 2022. Regjeringa foreslår òg å endre ordninga, slik at både arrangørar og underleverandørar kan søkje kompensasjon for tapt omsetning. Det blir mogleg å ta ut lønn, men ikkje utbytte eller auke lønna. Ordninga gjeld frå 1. november, men må godkjennast av ESA.
* Regjeringa foreslår 600 millionar kroner til tilskotsordninga for publikumsarrangement av nasjonal verdi i idrettssektoren og mellombels tilskot til frivilligsektoren. Potten kan bli auka. Dekningsgraden blir auka til 70 prosent ved avlysing frå og med 8. desember fram til smittesituasjonen igjen tilseier at ho bør justerast tilbake til 50 prosent.
* Regjeringa foreslår å setje av 1,1 milliardar kroner til støtteordningar for kultur og 600 millionar kroner til idrett og det frivillige.
(©NPK)