nyhende

Noregspris og redusert nettleige kan gi lågare straumprisar. Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB / NPK
Noregspris og redusert nettleige kan gi lågare straumprisar.

Dette betyr revidert budsjett for lommeboka

I det reviderte budsjettet til regjeringa bidreg noregspris og kutt i elavgifta til lågare straumpris. Men KS fryktar dyrare kollektivreiser.

Publisert Sist oppdatert

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) la torsdag fram revidert nasjonalbudsjett, som er ei oppdatering av statsbudsjettet for i år.

Regjeringa har i forkant varsla at det blir få store grep i oppdateringa.

– Det viktigaste med dette reviderte budsjettet er å halde orden i norsk økonomi. Då kan vi bidra til at prisstigninga framleis går ned, slik at lønningane framleis kan vekse meir enn prisane og halde arbeidsløysa låg, sa finansminister Jens Stoltenberg til NRK torsdag morgon.

Indirekte vil pengebruken til regjeringa kunne påverke renter og prisvekst, og på den måten slå inn på lommeboka til vanlege folk.

I det reviderte budsjettet blir støtta til Ukraina auka med 50 milliardar kroner, og dette er pengar som blir brukte utanfor landet og dermed ikkje påverkar norsk økonomi.

Ser ein bort frå Ukraina-støtta, er oljepengebruken den same som i statsbudsjettet som vart vedteke før jul.

Noregspris

Det kanskje viktigaste direktegrepet regjeringa kjem med for privatøkonomien er noregsprisen på straum.

Den trer i kraft 1. oktober.

Då kan folk velje ein fast straumpris på 40 øre per kilowattime gjennom heile året for hus og hytter. I tillegg kjem moms, påslaget og nettleiga til straumselskapet.

Forbruket som blir dekt av noregspris, er avgrensa til 4000 kWh i månaden for bustader og 1000 kWh for hytter. Gjennomsnittleg månadleg straumforbruk for hushald er 1308 kilowattimar.

Kutt i elavgift

Regjeringa foreslår også eit kutt i elavgifta med 4,4 øre per kWh frå 1. juli. For eit hushald med eit årleg straumforbruk på 15.000 kWh vil dette redusere nettleiga med 825 kroner i året.

– Det vil dempe kostnadsaukar for hushald og bedrifter som følgje av nødvendige investeringar i straumnettet, opplyser regjeringa.

Regjeringa tek også sikte på å fjerne Enova-avgifta frå neste år. Ho er på 1 øre per kWh.

Eigentleg hadde regjeringa lova å kutte momsen på nettleige 25 til 15 prosent frå 1. juli, men dette vart droppa.

– Redusert elavgift gir same verknad for hushalda som redusert meirverdiavgift, men gir i tillegg fleire hushald i nord og store delar av næringslivet lågare kostnader, seier Stoltenberg.

Dyrare buss?

Samtidig med revidert nasjonalbudsjett legg regjeringa også fram kommuneproposisjonen for neste år.

Der foreslår regjeringa å gi kommunar og fylkeskommunar mellom 4,2 og 4,9 milliardar kroner meir neste år.

Kommuneorganisasjonen KS meiner at dette er høge beløp som blir helsa velkomne, men dei minner om at kommunal sektor allereie står i ein krevjande situasjon – der fleire fylkeskommunar vurderer kutt og prisauke på kollektivtransport.

Og det kjem ingen pengar til å bøte på dette i revidert nasjonalbudsjett.

– Regjeringa vender det døve øyret til varselropa frå KS og fylkeskommunane. Dyrare kollektivreiser og kutt i rutetilbodet er ikkje til å unngå med dette budsjettopplegget, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS.

Høg lønnsvekst, fallande prisvekst

I det reviderte budsjettet kjem regjeringa også med nye prognosar for dei økonomiske utsiktene.

Der anslår regjeringa at prisveksten på ting folk kjøper, vil halde fram med å minke framover.

– Men sjølv om prisveksten er på veg ned, kan det framleis komme mellombelse oppsving i veksttakten, skriv regjeringa.

Ho påpeikar også at prisane på husleige og matvarer allereie har stige mykje den siste tida.

Regjeringa anslår også at folk kan få ein «høg reallønnsvekst» også i år. Altså at lønningane stig meir enn prisane.

(©NPK)

Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) legg torsdag fram revidert nasjonalbudsjett, som er ei oppdatering av statsbudsjettet for i år.
Powered by Labrador CMS