nyhende

Elavgifta blir kutta litt mindre enn planlagt. Foto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Elavgifta blir kutta litt mindre enn planlagt.

Dette betyr budsjettsemja for lommeboka

Billigare bensin og diesel, auka barnetrygd, billigare tannhelse og litt dyrare straum. Her er nokre av grepa frå forliket mellom Ap, SV, Sp, Raudt og MDG.

Publisert Sist oppdatert

Natt til onsdag vart dei raudgrøne partia samde om eit budsjettforlik, som no har fleirtal i Stortinget og blir vedteke på fredag.

Fleire av endringane frå det regjeringa eigentleg foreslo kan ha direkte innverknad på lommeboka. Her er nokre av dei:

Bensin og diesel

Den planlagde auken i bensinavgifta på 80 øre literen blir droppa, slik at pumpeprisen ikkje blir auka.

Når det gjeld diesel blir avgiftsauken behalden, men samtidig blir vegbruksavgifta kutta slik at pumpeprisen likevel blir uendra. I utgangspunktet foreslo regjeringa ein auke på 1,175 kroner per liter i dieselavgifta.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er fornøgd med å ha forhindra auke i pumpeprisen på bensin og diesel.

Kollektivtransport

Det blir oppretta ei tilskotsordning for å redusere prisen på periodebillett med kollektivtransport tilsvarande omtrent 100 kroner.

Ordninga med gratis ferje på 77 samband i distrikta blir vidareført som i dag.

Ordninga med gratis ferje i distrikta blir vidareført.

Straum

Det planlagde kuttet i elavgifta blir 2,95 øre/kWh mindre enn planlagt. Eigentleg skulle avgifta kuttast til ein felles sats for alle månadene i året på 4,18 øre/kWh. I staden blir den nye satsen på 7,13 kW. Totalt sparer partia 1,45 milliardar kroner på dette.

Barnefamiliar

Barnetrygda blir prisjustert frå 1. februar og går dermed opp. Noko regjeringa eigentleg ikkje hadde lagt opp til.

Barnetrygda blir likevel prisjustert.

Det planlagde kuttet i eingongsstønad blir droppa. Dette er ei eingongsutbetaling som skal dekkje utgiftene ved å få barn. Regjeringa foreslo eigentleg å kutte dette frå 92.648 kroner til 60.000 kroner.

Gratis SFO for 4. trinn i levekårsutsette område. Samtidig blir bemanninga styrkt i barnehagar.

Helse

Ein planlagd auke i eigendelstaket i helsetenesta blir droppa. Dette er grensa for når ein får utgiftene dekt av staten. Regjeringa foreslo å auke det med 128 kroner, til totalt 3406 kroner, men dette blir det ikkje noko av.

Arbeidet med ei tannhelsereform blir sett i gang. Og Helfo-satsane blir justerte noko for å gi lågare prisar.

Arbeidet med ei tannhelsereform blir sett i gang. Takstane hos Helfo for dekning av tannbehandling blir auka med 10 prosent. Formålet er å redusere eigenbetalinga tilsvarande.

Utdanning

I løpet av 2026 skal ein leggje til rette for at studiestøtta blir regulert gjennom grunnbeløpet i folketrygda, slik at den automatisk blir oppjustert kvart år.

Ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000 kroner i året i distrikta blir innført slik ho opphavleg var planlagd.

Folkehøgskulestudentar får framleis 40 prosent omgjering av lånet frå lån til stipend når året er fullført. Dette foreslo regjeringa eigentleg å kutte.

Studiestøtta skal knytast til grunnbeløpet (G) sånn at ho automatisk blir justert opp kvart år.

Billigare å pendle

Grensa for å få reisefrådrag blir redusert til 12.000 kroner, og satsen blir sett til 1,90 kr/km. Den øvre grensa blir sett til 120.000 kroner.

Det betyr ifølgje Senterpartiet at nesten alle pendlarar får ei skattelette på minst 800 kroner, og mange mykje meir.

Pendlar ein til dømes mellom Kristiansand og Arendal alle arbeidsdagar, vil ein få ei skattelette på 981 kroner.

Mindre skatt til sjøs og til bønder

Er du fiskar, bonde, jobbar til sjøs eller med reindrift, får du mindre skatt.

Fiskarfrådraget blir auka til 160.000 kroner, noko som omtrent svarer til lønnsjustering. Sjøfolkfrådraget blir auka til 86.300 kroner, også i takt med lønnsjusteringa.

Vidare blir det uavhengige frådraget auka i jordbruksfrådraget til 99.600 kroner og det maksimale frådraget til 208.900 kroner, noko som også omtrent svarer til lønnsjustering.

Reidriftsfradraget følgjer også jordbruksfrådraget.

Dette seier partia om privatøkonomien:

– Vi nullar ut heile Aps auke i bensin- og dieselavgiftene, og reduserer skatten for dei som jobbpendlar med bil og kollektivt og vanlege arbeidsfolk. Det er viktig for lommeboka til folk og for å stimulere til arbeid. Det er bra for folk og verdiskaping over heile Noreg, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Han trekkjer også fram at dei fekk regjeringa til å snu om gratis ferje i distrikta og sletting av studiegjeld i distrikta.

Finanspolitisk talsperson for SV Marthe Hammer seier ho er svært glad for å endeleg ha landa eit fleirtal, som ho meiner styrkjer økonomien til fleire.

– For oss har det vore viktig å halde fram SVs velferdsreformer som gratis SFO også for 4. trinn i levekårsutsette område, store midlar til bemanning i barnehage, ytterlegare styrking av studentøkonomien og å auke barnetrygda vidare. I tillegg reverserer vi fleire av dei usosiale kutta Arbeidarpartiet foreslo, seier ho.

Powered by Labrador CMS