nyhende

– Det unormale er den nye normalen

– Ekstremvêret «Hans» kom uventa på oss denne sommaren. Det uventa blir den nye normalen i åra som kjem, seier fysikar og klimaforskar Bjørn Samset i miljøorganisasjonen Cicero.

Publisert Sist oppdatert

Samset sa dette på eit seminar i regi av Cicero, der fleire ekspertar frå ulike fagfelt deltok. Det er brei semje om at klimaet i åra framover vil gi oss meir ekstremvêr, det blir fleire heitebølgjer, fleire skogbrannar, meir ekstremnedbør og meir vind.

– Det vi hittil har rekna som normalvêr, vil i åra som kjem vere det som overraskar oss. Den nye normalen er det ekstreme, sa Bjørn Samset i innlegget sitt.

Han peika på at temperaturen globalt blir høgare år for år. Til varmare verda blir, til hyppigare og meir intenst blir ekstremvêret. Det er verst lengst sør, men det gir verknader også her oppe i nord. Cicero-forskaren meiner at vi globalt styrer mot ein temperatur på 2,5-3 grader varmare enn i dag mot slutten av hundreåret.

På 10–15 år kan det sjå ut som verda blir cirka 1,5 grad varmare.

Møttest over Polen

Statsmeteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt i Oslo forklarte korleis ekstremvêret

ekordar. Lambertseter i Oslo fekk 104,9 millimeter nedbør på 24 timar.

– Det hadde ikkje vore så uvanleg om det var på Vestlandet eller i Nord-Noreg, men det er uvanleg på Austlandet. Det gav mykje overvatn. August gav oss 100 rekordar på regn og 50 rekordar på varme. I Tromsø var det rekord i talet på sommardagar, sa Granerød blant anna.

El Niño og La Ninja

Cicero-forskar Kjetil Aas.

Cicero-forskar Kjetil Aas tok føre seg den globale temperaturen, og han viste statistikk der det klart går fram at det blir stadig varmare. Sjølv når ein tek bort naturlege svingingar, slik som vêrfenomena El Niño og El Ninja, vulkanutbrot og meir, så er det liten tvil om kva veg det går.

El Ninja har normalt ein kjølande effekt, og ifølgje Aas har vi no lagt bak oss ein slik periode. No er vi på veg inn i ein ny periode med El Niño, og det vil bidra til høgare temperaturar.

– Vi har hatt eit ekstremt år hittil og ein ekstrem sommar. Vi er på veg mot nye rekordar, og det ser ut vil at vêret berre blir endå meir ekstremt, sa han i innlegget.

Matvaresituasjonen

Cicero-forskar Nina Holmelin tok føre seg kva konsekvensar den aukande globale temperaturen og ekstremvêr påverkar matproduksjonen. Ho slo fast at det faktisk er nok mat på jorda til å brødfø alle, men at det er ei skeivfordeling.

Cicero-forskar Nina Holmelin.

– Alt tyder på at ekstremvêret vil gå ut over matproduksjonen. Ein del stader, som her i nord, kan ein ha litt fordel av eit varmare klima, men dei fleste stader vil det ha negativ effekt. Det blir for mykje vatn og for lite vatn. I Sør-Europa har vi sett at langvarige tørkeperiodar, og når nedbøren først kjem, så skjer det i form av styrtregn og flaum. Viktige jordbruksområde blir råka av øydeleggingar, sa ho.

Noreg er avhengig av å kjøpe korn frå utlandet, men når land vi importerer frå opplever reduserte avlingar, så vil dei først og fremst tenkje på sine eigne innbyggjarar. Det vil få prisane til å stige på den internasjonale marknaden, noko vi alt har sett i samband med den russiske invasjonen av Ukraina. Holmelin meiner Noreg må auke sjølvforsyningsgraden i framtida.

Matkorn-lagring

Ho viste til at tidlegare hadde Noreg lager for matkorn som skulle halde i eitt år, før det vart totalt nedbygd i samband med at den kalde krigen tok slutt. No vil regjeringa byggje opp eit lager som skal halde i to–tre månader, men sterke fagmiljø rår til eit lager som skal halde i eit halvt år.

– Vi er avhengige av for stor import. Om det blir avlingssvikt fleire stader i verda, så kan vi ikkje stole på import. Det er også behov for store investeringar i landbruket for å førebu oss på meir ekstremvêr, men vi må også diskutere kven som skal betale for det. Det er fare for at mange bønder vil leggje ned, dersom dei sjølve må betale det kostar å førebu seg på klimaendringar og ekstreme vêrforhold.

Powered by Labrador CMS