nyhende

– Det som skjedde for 200 år sidan endra Noreg for alltid

I 2025 er det 200 år sidan den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika starta. Fleire hundretusen nordmenn fekk etter kvart eit nytt liv i dei amerikanske statane. Dette skal markerast i jubileet «Crossings 200».

Publisert Sist oppdatert

Den 4. juli 1825 la ei gruppe på 52 norske kvinner og menn ut frå Stavanger med sluppen «Restauration» med Nord-Amerika som mål. Sidan denne første organiserte reisa, følgde 900.000 nordmenn etter på jakt etter eit betre liv i Amerika.

I 2025 skal utvandrarjubileet «Crossings 200» markere 200 år med migrasjon frå og til Noreg.

– Dette er ei gløymd forteljing i den norske offentlege samtalen, og er lite av i pensum i den norske skulen. Formålet med Crossing 200 er å skape større medvit blant innbyggjarane i Noreg om kor viktig utvandringa var for det norske samfunnet, seier migrasjonshistorikar Terje Mikael Hasle Joranger, som er fagkoordinator for 2025-markeringa. Han håpar kunnskapen om den norske utvandringa vil få eit større løft gjennom jubileumsåret.

Rikhaldig jubileumsprogram

Årets hovudtema, migrasjon, omfattar både den historiske utvandringa frå Noreg, og dagens innvandring til Noreg. Planane for jubileumsåret spenner allereie vidt, frå temakveldar, framsyningar og skuleopplegg til utstillingar, konferansar og forsking.

D/S «Kristianiafjord» på veg ut frå Kristiania under første verdskrigen.

Ein kopi av Restauration seglar frå Stavanger 4. juli 2025 med framkomst i New York 9. oktober 2025 i regi av Restaurations venneforeining.

Vestnorsk utvandringssenter på Radøy markerer jubileet med Utvandringsfestivalen frå 4.–6. juli.

Norsk utvandrermuseum i Ottestad, Norsk utvandrermuseums venner og historielaga rundt Mjøsa planlegg ein opplevingstur med DS «Skibladner» frå Lillehammer til Eidsvoll 15. juni.

I høve utvandringsjubileet skal òg seglskipet «Christian Radich» krysse Atlanterhavet frå Bermuda til Stavanger. Seglturen skal vere ein hyllest til alle nordmenn som torde å reise over havet for å starte eit nytt liv i Amerika.

Mange barn og press på ressursane

Terje Mikael Hasle Joranger nemner fleire grunnar til at nordmenn forlét heimlandet sitt for to hundreår sidan, mellom anna den store befolkningsauken i første halvdel av 1800-talet. Barnedødelegheita gjekk ned, og det blei dermed større og fleire barnefamiliar. Mellom anna kom dette av eit betre kosthald, eit betre distriktslegesystem, vaksinar og fråvær av krig og uår.

– Større barneflokkar blei eit stort press på ressursane. Det blei ikkje dyrka i same takt som barnefamiliane auka. Når vi så hadde odels- og åsetesretten i Noreg – der den eldste av søskena var lovgitt å arve slektsgarden – måtte dei yngre søskena sjå etter andre levevegar.

Også misnøye med embetsmennene var ei årsak til den norske utvandringa.

– Mange folk kjende seg ikkje heime i den strenge trusutøvinga til statskyrkja. I USA var det religionsfridom, der stat og kyrkje var delt. Fridomen i USA, mellom anna knytt til religion, men òg til å starte eit nytt tilvære for seg og sine, påverka mange til å vandre ut.

Norske emigrantar i Winneshiek County, Iowa. Foto tatt cirka 1900.

På leit etter arbeid og nye eventyr

Det vart ein trykkokar-effekt, men på same tid var USA i ekspansjon og hadde behov for utbygging og arbeidskraft. Det var store areal i den nye verda, som styresmaktene selde for ein billig penge til dei som ville drive med jordbruk.

Utvandringa blei dermed ein ventil som hindra at trykkokaren eksploderte.

– Men det var ikkje berre nød. Mange ungdommar opplevde Noreg som trongt, og dei var eventyrlystne, og ville ut i verda.

Frå nettoutvandring til nettoinnvandring

Om lag 900.000 nordmenn emigrerte til USA og Canada frå 1825 og fram til tiåra etter andre verdskrigen. Det var ei intens migrasjonsrørsle der ei stor mengde menneske utvandra innanfor eit ganske kort historisk tidsrom. I dag er det nesten like mange etterkommarar etter nordmenn i USA og Canada, som det bur menneske i Noreg.

Sidan 1960-talet har Noreg endra seg frå å vere land folk reiste frå, til eit land folk innvandrar til. Innvandrarbefolkninga i Noreg i dag, svarer omtrent til den mengda nordmenn som utvandra mellom 1825 og 1930. Derfor blir både ut- og innvandring inkludert i 200-årsmarkeringa.

– Vi vil prøve å forstå prosessar knytte til innvandringa betre. Frå 1960-talet har vi hatt nettoinnvandring til Noreg. Og dette ønskjer vi å få meir kunnskap om gjennom det vi veit om norske utvandrarar som blei innvandrarar til USA og Canada. Eit anna mål med 200-årsmarkeringane i 2025 er at dei styrkjer band mellom nordmenn og etterkommarar etter norske innvandrarar i Nord-Amerika, seier Terje Mikael Hasle Joranger.

Norsk-amerikansk 17. mai-feiring i 1914.
Powered by Labrador CMS