nyhende
– Det som er så fint, er latteren i rommet
Kvar tysdag blir treningstøyet henta fram. Presis klokka 11.00 står nemleg Jorunn Skåden klar til å ta med gjengen i Frisk Liv på ei økt fylt med innsats, sveitte – og ein god latter.
I det Vestavind sin journalist møter opp på treningssenteret inne på Albatross spa og velvære, er dei rundt 20 kvinnene alt godt i gang med dagens økt.
Treningsgruppen kaller seg Frisk, liv og som alltid startar dei også denne økta med 10-12 minutt på spinningsykkelen. Treningstilbodet er ope for alle som ønsker å trena, og i tillegg til tysdagsøktene er det også trening kvar torsdag.
Kyndig leia av Jorunn Skåden gir damene gass, og i løpet av minutta på sykkelen har dei vore gjennom fleire drag, slik at kroppen er god og varm før økta held fram med styrketrening i treningssalen.
Frå kondisjon til styrke
I ein sirkel står stepkassar, vekter og balanseballar klare. Det går ikkje mange minutt før kondisjonsdelen glir rett over i styrke.
Kristina Enerstvedt er ei av dei spreke kvinnene, og alt etter eit par øvingar begynner treningsregimet til Skåden å merkast.
– Eg begynner å kjenne det, mest i magemusklane. Diagonalen er verst – heldigvis er eg ferdig med den, seier ho i den korte pausen mellom øvingane.
Etter nokre rundar med fleire øvingar, hentar Asbjørg Rød fram eit nytt apparat.
Rockedronning på 80 år
– Eg har rocka heile livet. Eg lærte det på folkehøgskulen, seier Rød medan ho har full kontroll på rørsler som gjer at rockeringa snurrar rundt magen.
Trass i fylte 80 år, held ho seg framleis aktiv saman med resten av gjengen i Frisk Liv, spesielt etter at ho flytta frå Tittelsnes til Sveio sentrum.
– No bur eg jo midt i smørauget, og det er så kort veg. Og Jorunn er så flink som tek oss med, seier Rød, før ho småjoggar tilbake inn i treningssirkelen.
Eit inkluderande miljø
I sirkelen sit Gro Eileraas. Ho brukar rullestol, men det har ikkje hindra henne i å ta del i treningsøkta.
– Eg må innrømma at det tok litt tid før eg vart med sidan eg sit i rullestolen, men Jorunn er flink til å få oss over «dørstokken». Og eg har ikkje angra. Eg vart teke så godt imot av gjengen her. Det er eit så inkluderande miljø, og dei tok imot meg på ein fantastisk måte, seier Eileraas som har held fram i nokre månader.
– Det som er så fint er all den latteren som er i rommet, påpeikar Eileraas.
Like etter bryt Skåden inn og seier høgt i rommet:
– Eg synest de pratar litt mykje.
Det utløyser endå meir latter og fliring.
– Pleier ho å vere så streng? spør journalisten.
– Av og til, men me høyrer ikkje alltid etter, svarar Eilerås spøkefullt.
Trening som sosial møtestad
Etter rundt ein time har den spreke gjengen vore gjennom dagens økt. Både balanse, styrke, koordinasjon og uthald har fått køyrt seg. Blanke av sveitte og raude kinn er beviset på at kvinnene har teke seg ut.
– Det er godt for kropp og topp, oppsummerer Agnes Wierdal.
Aud Sveen og Tonje Flatnes peikar også på det sosiale som ein viktig del av tilbodet.
– Det er mange her som kjenner kvarandre frå før, og så blir me betre kjende heile gjengen. Det er noko heilt anna å trena saman enn å gjera det aleine, seier Flatnes.
Likevel er det ein ting som forundrar dei tre.
– Det brukte å vera med menn her før, men dei treng nok litt hjelp for å kome i gang, seier Sveen spøkjefullt, til latter frå dei to andre.
– Kor lenge kjem de til å halde på med dei treningstimane her då?
– Me held nok på heilt til me ikkje klarer meir – og litt til, svarar Wierdal spøkefullt, før ho og dei to andre bryt ut i små latterutbrot.
For fleire av kvinnene stoppar ikkje det sosiale når økta er over. Når pulsen har roa seg og utstyret er rydda på plass, blir dei ofte ståande att og prata litt før turen går vidare.
– Det hender at me møtest igjen på Haugli, for litt påfyll. Det treng me, avsluttar Sveen med eit smil om munnen.