nyhende

Døgnopne toalett er eit av krava til dei nye hovudrasteplassane. Her på rasteplass ved E134 / Haukelivegen. Foto: Bård Asle Nordbø
Døgnopne toalett er eit av krava til dei nye hovudrasteplassane. Her på rasteplass ved E134 / Haukelivegen.

Det skal verta færre men betre rasteplassar på vegane

Publisert Sist oppdatert
NPK: I dag er det om lag 700 rasteplassar på riksvegnettet. Framover skal dei verta færre, men betre.

I 2020 vedtok regjeringa ein strategi for rasteplassar langs riksveg. No har Statens vegvesen kome med ein ny rettleiar for å følgja opp strategien. Målet er at det skal verta rundt 150 hovudrasteplassar, og at det skal vera maksimalt ein time køyring mellom kvar av desse.

Hovudrasteplassane skal vera tilgjengelege for alle typar køyretøy som er tillat på den tilhøyrande vegen. Dei skal vera opne døgnet rundt, heile året, og ha toalett, utemøblar og avfallshandtering. Det betyr at det må vera heilårsdrift av vatn, straum og kloakk. Rundt 50 rasteplassar må oppgraderast for å nå desse krava, medan 50 vert heilt nye. Rundt 50 kan halda fram som før.

Statens vegvesen legg til rette for at det òg skal vera elbilladarar på ein del rasteplassar. Desse skal vera tilgjengelege for alle typar elbilar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS