nyhende

Torsdag formiddag var det delvis skya med restar etter skydekket som slapp litt nedbør natt til torsdag. Foto: Ellen Marie Hagevik
Torsdag formiddag var det delvis skya med restar etter skydekket som slapp litt nedbør natt til torsdag.

– Det ser veldig lovande ut, seier meteorologen

Meldingane viser sol og lite vind i over ei veke. Det kan jo ikkje stemma. Me måtte ringa Vêrvarslinga på Vestlandet for å sjekka.

Publisert Sist oppdatert

Haldis Berge, vakthavande meteorolog, ler når me legg fram skepsisen til vêrmeldingane, og lovar at det er heilt sant.

Men som vanleg legg meteorologen inn nokre mogelege variasjonar og ting å vera obs på.

Stort høgtrykk

– Frå torsdag er det eit høgtrykk som tar over og det blir mykje sol og lite vind torsdag og fredag. Laurdag kjem det eit lite lavtrykk, men det ser ut til at det ikkje blir noko særleg nedbør. Det blir meir skyer, mindre sol og ein del meir vind. Det siste i ein kort periode, seier Berge.

Så kjem det noko så uvanleg som over ei veke med sol og lite vind.

– Søndag kjem det inn eit stort høgtrykk som legg seg over heile Sør-Noreg. Det gir stabilt og fint vêr heile neste veke. Litt variasjonar i skydekket kan det bli, men det kjem til å bli flest solrike dagar. På dagtid blir det plussgrader, men det vil bli nattefrost. Det kan vera greit å vera obs på når ein skal ut og ferdast om morgonen, seier Berge.

Kan vara til 18. februar

Når det er klarvêr fell temperaturen om natta. Me er framleis berre i februar, og dagtemperaturane blir difor ikkje så høge, rundt 4-5 grader. Då er det kort veg til minusgrader når natta kjem.

– På 21-dagarsvarselet ser det ut til at det blir ganske bra vêr heilt til tysdag 18. februar. Då aukar sjansen for regn til 35 prosent. Er det mogeleg å seia noko sikkert fram til då?

– Det er såpass langt fram at det er usikkert, men for den kommande veka ser det i alle fall veldig lovande ut, seier Berge.

Powered by Labrador CMS