nyhende

Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje.ARKIVFOTO
Kyrkjeverje Ottar Krakk veit førebels ikkje kva det vil koste å reparere lekkasjane i taket på Sveio kyrkje.ARKIVFOTO

Det renn vatn inn i Sveio kyrkje

Taket i Sveio kyrkje lek, og både prestesakristiet og dåpssakristiet er i så dårleg stand at det i verste fall kan vere brannfarleg. Det kan bli ei økonomisk utfordring for Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

I laupet av våren skal det gjennomførast kontroll og reparasjon av Sveio kyrkje. Kyrkjeverje Ottar Krakk fortel til Vestavind at det er trekk inn vatn fleire stadar.

—Det er ikkje snakk om store mengder vatn som kjem inn, men me er uroa for at det gradvis trekk fuktigheit inn i treverket, seier han.

Han fortel at ein no er i dialog med Sveio kommune for få opp ein lift for å avdekke og reparere lekkasjane.

— Eg håpar det skjer om ikkje altfor mange veker, seier Krakk til Vestavind.

Brannfarleg

Det er ikkje berre taket som trengst å reperast i kyrkja. Både prestesakristiet og dåpssakristiet er i svært dårleg stand. Dette gjeld mellom anna golv, vegger og maling på listverk.

— Romma er estetisk lite fine. Det er òg behov for å tett igjen hol, fjerne laus tapet og anna som i verste fall kan vere brannfarlege, skriv Krakk i eit framlegg til ei sak som Sveio kyrkjelege fellesråd nyleg handsama.

Sveio kyrkje sto ferdig i 1858. Den vart malt for to år sidan, men ein må tilbake til 2008 for å finne siste gong ein gjorde større tiltak på kyrkja. Den gongen vart delar av taket reparert.

Kor store utgifter ein i verste fall står framfor veit ein førebels ikkje. På sikt vil det vera behov for større rehabilitering av taket.

— Skifer må av, det må nytt sutak (undertak, red. merknad) på plass og det kan og vere behov for reparasjon av berande konstruksjonar, slår kyrkjeverja fast.

Kommunen sitt ansvar

Fellesrådet har i første omgang sett av 50.000 kroner frå eit vedlikehaldsfond til utsjekk og reparasjon av taket. Kyrkjeverja skal seinare leggje fram eit framlegg til utbetring av sakristia i kyrkja, som skal vise kva som skal og kan gjerast, og kva kostnadane vil vere.

Før dei 50.000 kronene er henta frå vedlikehaldsfondet står det 272.000 krone der. Ein står sannsynleg framfor reparasjonskostnadar som er mykje høgare. Ifølge kyrkjeverja er det per i dag ikkje statlege ordningar som dekker vedlikehald til trekyrkjene. Difor vil eit mogeleg større vedlikehaldsbehov bli eit prioriteringsspørsmål for Sveio kommune som har vedlikehaldsansvaret for kyrkja.

Powered by Labrador CMS