nyhende
Det rakna mot slutten då Sveio IL møtte serieleiaren
Sveio heldt lenge følgje med serieleiaren i 6. divisjon, Kopervik 2, måndag kveld. Men i løpet av dei siste 25 minuttane rakna det.
KOPERVIK 2 – SVEIO 4-1 (1-0). Sveio IL sto framfor ei tøff oppgåve på kunstgraset borte på Åsebøen på Karmøy. Heimelaget hadde på førehand vunne alle sine sju kampar i sesongen.
For Sveio sin del har det halta resultatmessig. Men etter fleire gode prestasjonar i det siste, og med ein god porsjon sjølvtillit etter siger 8-1 mot Stegaberg 2 sist veke, var det ingen frå Sveio som sto med lua i handa dom dommar Ole Boine blæs i gang kampen.
Utlikning gav håp
Tvert om. Kopervik fekk rett nok ei tidlig i scoring i kampen, men Sveio holdt unna resten av omgangen, og utlikna då Marius Andersen Flatnes heada ballen i mål fem minutter etter sidebytte.
Men då heimelaget sin Oliver Mikael Korkus-Hochheim sette ballen i målet i det 68. speleminuttet kom Sveio aldri tilbake. Derimot fekk heimelaget putte to gonger til, og 2. laget til sterke Kopervik tok dermed sitt åttande siger av åtte mogelege i årets sesong.
Snart ferie
Sveio er på åttandeplass i 6. divisjon. Laget har éin kamp igjen før årets fotballferie, den blir spelt heime mot tabbeljumbo Vard 3 onsdag 29. juni. Med siger då vil Sveio kunne ta eit lite byks oppover på tabellen.
Kampene spelt måndag kveld:
Kopervik 2 – Sveio IL 4-1
Ølen – Sauda 6-2
Vard 3 – Falked 1-6
Stegaberg 2 – Torvastad 2, 2-4
Tabellen: