nyhende

Det nye fylkestinget er klart

Tysdag konstituerte fylkestinget i Vestland fylkeskommune seg. Her kan du sjå kva som er nytt.

Publisert Sist oppdatert

I Vestlandssalen i Vestlandshuset i Bergen var det tysdag samla 65 representantar til fylkestinget. Av dei var heile 36 representantar nye.

For fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vart det attval, medan ny varaordførar vart Stian Davies frå Arbeidarpartiet.

– Dette er stas, og no startar jobben! No skal vi jobbe for å skape eit grønare og meir rettferdig Vestland for alle. Eg ser fram til samarbeid med folk, kommunar og næringsliv for å løfte heile fylket vårt, seier Davies i ei pressemelding.

Samarbeidspartia i fylkestinget består av Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, KrF, Venstre og MDG. Til saman har dei 33 representantar som er fordelt slik:

Ap – 19
Sp – 7
SV – 5
Krf – 3
V – 3
MDG – 2

Opposisjonen ser slik ut:

Høgre – 15
Frp – 9
INP – 4
Raudt – 2
Bergenslisten – 1
Pensjonistpartiet – 1

Powered by Labrador CMS