NTB-NPK: Fleire gode fangstrapportar langs kysten tyder på at det bir ein god hummarsesong.
Per 19. desember hadde fiskarane frå salslaget Fiskehav landa i alt 17,4 tonn hummar, der talet på same tid i fjor låg på 16,1 tonn, seier direktør i salslaget, Kjell-Arild Tøfte, til Fiskeribladet.
Fiskarane har lagra mykje hummar for levering til jul og nyttår, og mykje tyder på at den tre månader lange sesongen i sør blei betre enn i 2020. Då kom Fiskehav ut med eit totalt kvantum på 19 tonn.
Ifølgje Fiskeribladet har det blitt tatt gode fangstar fleire stader langs kysten i haust, og fiskarar i sør meiner fredinga av rognhummer byrjar å gi resultat.
Annonse
(©NPK)