nyhende

Slik kjem partia ut i ny måling frå NRK:

Stortingsbygningen.
Stortingsbygningen.

– Det ligg an til eit svært spennande val

I følgje ei ny måling som NRK har gjort i Hordaland valdistrikt nyleg, ligg Arbeidarpartiet og Høgre an til å få kvar sine fire mandat inn på stortinget.

I målinga endar Høgre opp med 23,1 prosent oppslutnad. Det er -5 frå augustmålinga.

Venstre og KrF gjer det svært godt på målinga, og beheld kvart sitt mandat frå Hordaland. SV gjer det også svært godt, skriv NRK. Dei er trygt inne med sin førstekandidat, og er rundt 2700 stemmer frå eit andremandat.

Senterpartiet ser ut til å få færre stemmer, i målinga står dei på 6,9 prosent oppslutnad, det tilsvarar eit fall på -7,6 på tre månader. Dei ligg an til å få inn ein kandidat.

Ap får 23,6 prosent oppslutnad, +0,8 prosent frå 2017, og beheld sine fire representantar

Mandat og oppslutnad Hordaland, september:

Ap: 4 (23,6%)
FrP: 2 (13,3%)
H: 4 (23,1%)
KrF: 1 (5,9%)
Rødt: 1 (5,2%)
Sp: 1 (6,9%)
SV: 1 (9%)
V: 1 (5,6%)
MDG: 0 (4%)
Andre: 0 (3,4%)

På landsbasis

Den siste målinga, utført av Norstat, viser at me går eit svært spennande val i møte. Samtlege parti er over sperregrensa, KrF med lågast margin (4,2 prosent), Rødt, MDG, og V med 4,9%. Slik kan mandata fordelast:

Ap: 47
FrP: 21
H: 34
KrF: 6
Rødt: 8
Sp: 23
SV: 14
V: 8
MDG: 8

Powered by Labrador CMS