nyhende
Det kan bli kostbart å vere Sveio-pendlar
Ein studie viser at det er mogeleg å bygge veg med 80-sone på fylkesveg 47 mellom Sveio og Haugesund. Det vil gje eitt minutt kortare reise, men også koste pendlarar inntil 80 kroner dagen.
Ein studie laga av Rogaland fylkeskommune viser at vidare utbetring av fylkesveg 47 er mogeleg, men vil truleg skapa høge bompengeprisar for sveibuane.
Fylkeskommunen arbeider for tida med nye bompengepakkar som skal finansiere utbetring av ulike veger på Haugalandet, til dømes ein eigen pakke for fylkesveg 47 mellom Sveio og Haugesund.
— Vi hadde ein prosess i fjor og fekk i oppdrag å sjå på tre ulike pakkar, seier Bernt Østnor, seniorrådgjevar i Rogaland fylkeskommune.
Fire alternativ
Pakken vart presentert i formannskapet sist veke, og viste fire alternativ for utbetring av fylkesveg 47.
Dei mest omfattande forslaga er alternativ 1 og 4.
Alternativ 1 vil gje ny veg med 80-sone mellom Førland og Ekrene, og har eit kostnadsestimat på 400 til 800 millionar kroner.
Alternativ 4 er lik alternativ 1, men inkluderer også utbetringar mellom Ekrene og Haukås.
Kostnadsestimatet er frå 600 til 1.400 millionar kroner.
— På plan-nivå er det veldig usikkert, så vi opererer med ein kostnadsusikkerheit på 40 prosent, seier Østnor.
Både omfang, hastigheit og kostnad varierer mellom alternativa, men felles for alternativ 1 og 4 er at dei krev ein eigen bompengepakke for fylkesveg 47.
— Då vil bompengetrykket bli ganske høgt, seier Østnor.
Dyrt å pendle
Eit reknestykke frå studien tar for seg eit vegprosjekt mellom Førland og Haukås med eit gjennomsnittleg budsjett.
— Vi har rekna på at om ein har 750 millionar kroner å byggje for på heile strekninga, så vert taksten mellom 35 – 40 kroner, seier Østnor.
Det er kva det vil koste å køyre ein veg. Ein vil betala også når ein køyrer tilbake.
— Det er lagt til grunn tovegs-innkrevjing. Det vil sei at man betalar ein gong kvar veg, seier Østnor.
For ein pendlar kan det bety inntil 80 kroner for å køyre tur-retur frå Sveio til Haugesund.
Utan medrekna rabatt vil ein som pendlar frå Sveio til Haugesund betale 1600 kroner i månaden i bompengar.
Dobbel betaling
Noko anna som kan gjere pendling enda meir kostbart er Haugesund og Karmøy sin eigen komande bompengepakke, den såkalla Bypakken. Det er eitt av dei to andre bompengeprosjekta som Rogaland fylkeskommune jobbar med. Sveibuar som pendlar inn i bypakken sitt område risikerer å måtte betala bompengar til to ulike pakkar, begge kvar veg.
— Reglane er slik at trafikantane må betale i kvar pakke dei køyrer gjennom. Og med tovegs innkreving betalar dei også kvar veg. For ei reise tur-retur Sveio-Haugesund, kan det difor bli slik at trafikantane betaler to gonger i Bypakken og to gong i ein eventuell fylkvesveg 47-pakke, seier Østnor.
Rabattar
Grunna at Bypakken ikkje er planlagd nøyaktig kan ein ikkje sei kva bompengesatsane vert.
Østnor legg ved at ein også må ta med rabatt i reknestykket om samla bompengekostnad.
Ein personbil med brikke får 20 prosent rabatt og betal 80 prosent av beløpet, og ein elbil får ytterlegare 50 prosent rabatt og betal 40 prosent av beløpet.