nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Det kan bli ferje- og hurtigbåtstreik frå søndag

Lokale ferje- og hurtigbåtsamband kan bli råka om lønsforhandlingane mellom YS, LO og NHO ikkje fører fram.

Publisert Sist oppdatert

Ved midnatt 15. april har partane i konflikten frist for mekling.

LO har varsla streikeuttak for ein del av Norled, Boreal og Fjord1 sine tilsette i Skyss sitt område. Ein eventuell streik vil ta til frå arbeidsstart søndag 16. april.

Skyss er ikkje part i konflikten, men følgjer reglane rundt lovlege arbeidskonflikter, og har ikkje høve til å setta inn ekstra tiltak. Dei minner også om at reisegarantien ikkje gjeld for forseinkingar og innstillingar ved streik, skriv Skyss i ei pressemelding

Desse kan bli ramma

Ferje:

  • Langevåg – Buavåg vert innstilt
  • Kvanndal – Utne vert innstilt
  • Gjermundshamn – Årsnes: ferje I vert innstilt
  • Ranavik – Skjersholmane: ferje II vert innstilt

Båt:

  • Sunnhordland – Austevoll – Bergen, rute 3 innstilt
  • Bergen – Sogndal – Bergen vert innstilt
  • Bergen – Selje – Bergen (MS Frøya vert innstilt)
  • Nordhordlandsbåten (Knarvik – Frekhaug – Bergen vert innstilt)

Ferjeferjesamband på riksvegstrekningar som ikkje Skyss har ansvar for, kan også bli påverka.

Hald deg oppdatert

Buss, bybane og annan båttrafikk køyrer som normalt. Kundar blir oppfordra til å følgja med i media og på skyss.no/avvik om eventuell utvikling av streiken.

Skyss sine heimesider og Reiseplanleggaren blir oppdatert så raskt som mogleg når utfallet av forhandlingane er klare. På linjer der ikkje heile sambandet vert innstilt, blir det informert om kva turar som går ut.

Ved ein eventuell streik vil det kunne bli økt pågang på andre ferjesamband.

Powered by Labrador CMS