nyhende

Koronadødstala har aldri vore høgare enn no. FHI er likevel ikkje bekymra. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Koronadødstala har aldri vore høgare enn no. FHI er likevel ikkje bekymra.

Det har aldri vore registrert fleire koronadødsfall i Noreg

Sjølv om omikron blir rekna som ein mildare virusvariant enn delta, har dødsfalla i Noreg stige dei siste vekene. FHI er likevel ikkje bekymra.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Førre veke vart det registrert 130 koronadødsfall, og veka før toppa det seg med 189 – det høgaste talet gjennom heile pandemien.

FHIs fagdirektør Frode Forland seier til Aftenposten at det ligg fleire forklaringar bak det høge dødstalet. Den eine er høg smitte, som fører til at mange blir sjuke, også eldre menneske.

– Både eldre menneske og andre kan ha underliggjande sjukdom, og covid-19 blir ei ekstra påkjenning. Dette fører til fleire dødsfall, seier han.

Dødsfalla i dei første månadene i 2022 er i hovudsak blant eldre menneske og dei med underliggjande sjukdom. I dei siste månadene har dødstala lege på rundt 150 personar kvar veke på landsbasis. Gjennomsnittsalderen er 84 år. Mange av dei døde har vore innlagde på intensiven, og mange har ikkje vore vaksinert, ifølgje Forland.

Ifølgje FHI ligg dødelegheita i Noreg totalt sett på eit nivå som er omtrent som normalt for denne tida av året, der influensa vanlegvis fører til dødsfall i dei eldre aldersgruppene.

FHI endra nyleg dødstals-overvakinga slik at den inkluderer dei som hadde testa positivt for covid-19 på hurtigtest før dei døydde. Det førte til at 357 dødsfall til vart lagt til på totalen, som no er på 2.518.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS