nyhende

Det gløymde bygdegeniet

Han var ein fargerik kranglefant, eit matematisk geni og blant dei mest radikale nordmennene i noregshistoria. Han sette djupe spor hos dei han møtte, men er likevel gløymd i ettertida. Og kor er eigentleg den grandiose grava hans?

Publisert Sist oppdatert

Radikal mot radikale

Olaus var ikkje berre radikal for si tid. Også blant andre radikale på 1860- og 1870-talet, var han hakket drygare. Dette kjem blant anna fram i møte med Hagbard Berner i Samlaget

– Olaus Fjørtoft levde i eit strengt pietistisk samfunn og hadde svært radikale meiningar. Han meinte folkeopplysing og folkefrigjering var det same. Med det ville han frigjere bønder og arbeidarar frå embetsmenn, dogma til presteskapet og det han kalla hykleri, seier Sindre Hovdenakk.

Hovdenakk er litteraturkritikar og forfattar av boka «Alt er politikk: Hagbard Berner og hans tid». Berner (1839-1920) var grunnleggjar av Dagbladet, stortingsrepresentant for Venstre, målmann og ein av grunnleggjarane av Samlaget, saman med Olaus.

Berner var òg bygdegut (frå Sunndalen på Nordmøre) og forkjempar for sjølvstende frå unionen. I tillegg var Berner kvinnesaksforkjempar. Han stifta og var første formann i Norsk Kvindesagsforening, som kjempa for å innføre kvinneleg røysterett i 1884. Kvinnesak engasjerte Olaus seg aldri for. Han var ugift heile livet.

Trass i likskapane, i møte med dialektdyrkaren frå Nogva, blei det for mykje for nordmøringen.

– Berner var ein radikal mann med fleire radikale standpunkt, men til forskjell frå Fjørtoft var han òg pragmatisk. Han hadde lært at det nokre gonger er nødvendig med kompromiss og å gå sakte fram. Berner såg nok på Fjørtoft som for utolmodig og konfronterande i stilen, trass i at dei hadde same synspunkt på mykje, seier Hovdenakk.

Denne forskjellen kom til syne i Samlaget. Berner var styreformann og Fjørtoft kasserer. Berner og Samlaget ønskte ei målform så lik landmålsnorma til Ivar Aasen som mogleg. Olaus derimot ønskte ein mest mogleg lydrett skrivemåte, og at bydialektane skulle inkluderast i nynorsken.

Berner jobba så for å få Fjørtoft kasta ut av styret. Ved generalforsamlinga i 1872 blei Fjørtoft ikkje gjenvald.

– Korleis har det seg at Fjørtoft ikkje er hugsa like godt som andre radikale frå denne tida?

– Eg trur ikkje Olaus Fjørtoft hadde politisk talent, seier Sindre Hovdenakk, som meiner sunnmøringen var for kompromisslaus og konfronterande.

– Han døydde ung og greidde ikkje å sette varige spor etter seg i same grad som andre. Så kan det tenkjast at han var ein stridbar fyr, som folk irriterte seg over og blei lei av.

Hovdenakk seier det likevel er nyttig å nemne Olaus Fjørtoft som radikal tradisjon.

– Han var ein mann som gjorde stort inntrykk på dei han møtte. Når det gjeld som ein eigen radikal tradisjon, med forgreining inn i kulturlivet, er han ein fargerik person i norsk historie som er verdt å ta fram igjen.

Eit irriterande flogvit frå den nordvestlandske periferien. Radikal i kristentru, sosialisme og målsak. Han talte bygdepresten i mot og var i konstant opprør mot det han kalla embetsmannsstaten, presteskapsdogme og hykleri.

Samtidig var han eit av dei største matte-talenta i Noreg. Han hadde mange trufaste kameratar som følgde og såg opp til han, men døydde åleine, svolten og sjuk berre 31 år gammal.

– Det skal vere her ein stad, seier Birgit Oline Kjerstad, som traskar i våt snø blant dei mange gravene på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Uthengd, utestengd og utvist

Kjerstad sit til vanleg på Stortinget for SV. Denne februardagen er ho derimot på gravjakt på kjendisgravlunden i hovudstaden. Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Arnulf Øverland og Ivar Aasen er blant nordmennene som har gjort seg fortent til evig kvile her, kort veg frå regjeringskvartalet.

Kjerstad leitar etter den politiske inspirasjonen sin: Olaus Fjørtoft. Han levde i ei tid då Noreg var eit strengt pietistisk samfunn, men han raljerte med alle autoritetar og blei uthengd, utestengd og utvist i hovudstaden.

Det er ikkje første gong Kjerstad leitar etter grava, men heller ikkje i dag er ho lett å finne.

Bondestudentar

Olaus Fjørtoft blei fødd 19. januar 1847 på Skuløya på Sunnmøre. Han var ein skuleflink bygdegut, og 14 år gammal skreiv og printa han ei lærebok i rekning.

I 1861 blei han introdusert for «Dølen», avisa til Aasmund Olavsson Vinje, medan han gjekk på Latinskulen i Molde. Truleg var det frå denne avisa han fekk mange av dei kontroversielle tankane om politikk og kulturliv han blei kjend for.

I ein tale han heldt på skulen i Molde gjekk han til angrep på unionspolitikken og det norske målet. Amtmannen truga med å bannlyse rektoren på skulen for å ikkje ha stansa talen til eleven sin. Fjørtoft slutta i protest og reiste til Heltberg i Kristiania for å ta examen artium der, slik Bjørnson, Ibsen, Vinje og fleire han såg opp til gjorde. Samtidig som han var elev, jobba han på skulen som matematikklærar.

Fekk kallenamnet Fram

I Kristiania opplevde Fjørtoft det han kalla «hykleri», som han meinte var fåkunne og falske førestillingar. På hybelen tok han imot bondestudentar, som betalte det dei kunne for undervising i matematikk. Også rikmannssøner kom dit, for å bli undervist av den dyktige matematikklæraren. Dei same rikmannssønene gjekk omvegar når dei møtte Fjørtoft på gata.

Han blei aktiv i Studentersamfundet og oppslukt av folkeopplysingstanken. På Samfundet raljerte han mot finkultur, byråkrati, «unionistane» og dei som hindra framgang. Han var for sjølvråderett og fristaten, og talte for dogmefri kristendom og eit dialektbasert norsk skriftmål. Han blei kjend for å vere ein dyktig, men krass og farleg talar. Mange grudde seg til å møte den hardtalande sunnmøringen til debatt.

Det han sa peikte alltid framover. Det gjorde at han fekk kallenamnet Fram . Flokken som samla seg rundt han blei kalla Fram-vennene.

Sosial rettferd og ærleg gudstru

For å kjempe mot det han hata, blei Olaus utgivar og redaktør av folkebladet «Fram. Eit vikebla for Maalmenn og Bondevenne» i 1871. Her stod det om målsak, fristaten og sosiale tankar i Europa. I bladet argumenterte Fjørtoft på haramsmål for sosial rettferd, ein god skule og ærleg gudstru.

I Kristiania på 1860- og 1870-talet var det den konservative avisa Morgenbladet som rådde. Fjørtoft blei hengd ut der av redaktør Christian Friele.

Arne Garborg møtte Olaus Fjørtoft – og var truleg ein del av Fram-flokken ei tid. I romanen sin «Bondestudentar» brukte Garborg Olaus Fjørtoft som karakteren Fram.

Garborg såg så opp til Fjørtoft at han reiste til Skuløya for sjølv å sjå fødestaden til den særmerkte mannen han hadde blitt kjend med. Arne Garborg døypte sonen sin Arne Olaus Fjørtoft Garborg.

For kompromisslaus

Tilbake på gravlunden leitar Kjerstad vidare. Ho har av andre som har sett grava fått høyre kvar ho omtrentleg skal vere, men gravlunden er stor, og pausetida i stortingsarbeidet er kort. Eit søk hos Gravplassetaten i Oslo kommune er heller ikkje til hjelp. Alle protokollar og oversiktar over gravlagde nordmenn før 2000 er til digitalisering i byarkivet.

Den kjende teikninga av Olaus Fjørtoft, laga av biletkunstnaren Mathias Skeibrok. Illustrasjon: SNL / NPK

– Her ser det ut til at vi er på rett veg, seier Kjerstad, i det ho går forbi ein minnestein for den politiske aktivisten Marcus Thrane. Thrane og Fjørtoft levde på same tid og var bautaer i den sterke folkerørsla som kravde betre skule og røysterett til alle.

Kjerstad flytta sjølv til Skuløya for 42 år sidan, men hugsar at ho høyrde om Fjørtoft då ho vaks opp på naboøya. Etter å ha blitt kjend med historia hans som vaksen, valde ho å trekkje fram Fjørtoft som sin politiske inspirasjon under valkampen for stortingsvalet i 2021.

– Fjørtoft argumenterte hardt, men vart for kompromisslaus for mange. Samtidig var ideane hans inspirerande, ikkje minst for tida han levde i.

– Når ein hadde tankar om å bryte med makta til embetsmannsstaten, der nokre få bestemde over mange, var det nødvendig å vere krass og høglydt. Om du ikkje blir høyrd, men meiner det du brenn inne med er viktig, finn du måtar å bli høyrd på.

Bannlyst frå bygd og by

Som 25-åring drog Olaus Fjørtoft heim til øya på Sunnmøre og deltok i ein preikesundag i bygdekyrkja. Etter gudstenesta skal den unge studenten ha reist seg og tala hardt om kyrkjereformer og kvifor ein skulle skilje stat og kyrkje.

Ifølgje forteljingane om Fjørtoft skal presten ha byrja å grine som eit barn då Fjørtoft var ferdig. Det var på denne tida ikkje vanleg kost for prest og kyrkje å bli tala i mot. Dette gjorde òg at dei gamle i bygda bad Olaus reise sin veg.

Faren var lensmann. Han tok det tungt at sonen, som han hadde håpt skulle utdanne seg til prest, hadde flytta til byen og blitt «fritenkjar» og «gudsnektar». For han var det ikkje nok at sonen skulle reise vekk. Han bad sonen om å aldri kome tilbake. Denne gongen følgde Fjørtoft ordre frå autoriteten. Han sette aldri beina sine i Haram igjen.

Levde på sveltegrensa

Olaus møtte òg mykje motgang i Kristiania. I 1872 blei han kasta ut av styret i Samlaget og året etter blei han ekskludert frå Kristiania Arbeidersamfund. Grunnen for eksklusjonen var at han hadde hatt sosialistiske idear for Samfundet – nye og farlege tankar på denne tida.

I 1874 var det dessutan stopp for bladet «Fram». I dei fire åra som følgde, levde han på sveltegrensa.

Samtidig byrja ideane hans å vinne meir fram blant folk, men det kom etter kvart fram at Fjørtoft var alvorleg sjuk. I 1878 hadde han vore ei heil veke utan tilsyn på den kalde hybelen sin og fått lungebetennelse. Han døydde på Rikshospitalet 21. mai same året, 31 år gammal.

Fjørtoft blei gravlagd på Vår Frelsers Gravlund i Oslo. Det blei reist ein minnestein på grava hans i 1923. Med tida har mosen grodd igjen på grava hans, og han har for det meste vore gløymd i ettertida.

Det er denne gjengrodde grava Kjerstad leitar etter.

Seks meter høg obelisk

Trass i manglande innsyn frå Gravetaten, er det likevel mogleg å finne Fjørtoft-grava ved hjelp av arkivbilete av grava og området rundt. Bygningane har ikkje forandra seg nemneverdig i dei tiåra sidan bileta blei tekne. Med dei som polar, peilar vi oss inn til riktig grav i den nord-austre delen av gravlunden. Solid gravjournalistikk gjer at Kjerstad med eigne auge endeleg får sett grava til sin politiske inspirasjon.

– Der er han Olaus! seier Kjerstad. Ho går ut av gangvegen ved sidan av grava, og må gå i høg, kram snø nokre steg bort til grava.

Har ein først funne grava til Olaus Fjørtoft, er det vanskeleg å skjønne at ho skal vere krevjande å få auge på. Det står ein seks meter høg obelisk på grava. Den er fleire tonn tung og tårnar over dei andre kjendisgravene i nærleiken. På minnesteinen er det hogge inn eit portrett av Fjørtoft som blei teikna av bilethoggaren Mathias Skeibrok.

– Skilde sak og person

Kjerstad pirkar av mose som har grodd på obelisken. Under mosen er det hakka inn sitatet «Rat skal op mæ rot rivast».

– Olaus var krass, men skilde sak og person. Han meinte det han sa var viktig, diskuterte hardt og sette folk til veggs for det han var usamd mot, men han ønskte alltid å tale for dei få. Gode ordførarar finn alltid ein måte å ta omsyn til dei som er i mindretal, spesielt når det er upopulært, seier Kjerstad.

Ho løftar blikket opp på den høge gravsteinen.

– Mange av dei politiske måla han hadde er like relevante i dag. Blant anna om kor viktig det er med ein god skule, at alle menneske skal ha meir å seie for sine eigne liv, at demokrati ikkje skal vere eit fleirtalsdiktatur, men uenigheitsfelleskap der ein toler å vere usamd og finn løysingar alle kan leve med.

I 1975 blei det reist ein lik minnestein etter Olaus Fjørtoft på Nogva, der han vaks opp.

Kjelder: «Olaus J. Fjørtoft: biografi og tekstar» av Birger Risnes, «Olaus J. Fjørtoft: radikalaren frå Haram» av Harald B. Haram og SNL.no.

Powered by Labrador CMS