nyhende

Frivilligprisen 2020 er delt ut:

– Det gir ei fantastisk kjensle å sjå kor glade folk blir

Einar Halleland gjer dagen betre for mange. No blir 80-åringen heidra som Årets frivillig 2020.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er mållaus, for ein gongs skuld, seier ein overraska Einar Halleland, der han står med blomar, diplom og gåve i nevane. Avtalen var at han skulle komma innom frivilligsentralen for ein prat, men dagleg leiar Kristianne Uri hadde ein annan agenda for møtet.

Verdig mottakar

Når forslaga til mottakar av Frivilligprisen for 2020 var rekna saman, var det éin person som skilte seg ut.

Eit fint diplom med ord frå nominasjonane fekk Einar Halleland av Kristianne Uri, dagleg leiar av Sveio frivilligsentral.

– Einar Halleland er ein vinnar me ser på som svært verdig. Han har i ei årrekke bidratt for å betra trivsel og livskvalitet for andre, innafor mange ulike felt. Han bidrar også til eit meir ope og inkluderande samfunn, seier Kristianne Uri, dagleg leiar av Sveio frivilligsentral. Ho er også takksam for innsatsen han har lagt ned for å byggja opp frivilligsentralen.

Eldre og flyktningar

Halleland har fått mange nominasjonar, det betyr at mange ser han, og set pris på arbeidet han gjer. Dei siste åra er det spesielt eldre og flyktningar han har spesielt god kontakt med og omtanke for. Brukande- og pårørandeforeininga er han også i aktiv i, sjølv om det er lenge sidan han var pårørande til nokon på omsorgssenteret. Han byr på seg sjølv, og gir god stemning og får fram smil.

Mange timar

– Kva gir det deg å vera frivillig?

– Ein treng ikkje å ha betaling, når ein ser kor glade dei blir. Det veg opp med den gode kjensla eg går. Det kjennest fantastisk godt. Eg har eit ordtak som forklarar: «Den største gleda du kan ha, det er å gjera andre glad».

Han legg til at han ville vore lite aktiv om han ikkje hadde hatt frivillig arbeid å gå til.

– Så lenge eg har god helse, kan eg ikkje sitja i ro. Og så må eg få seia at eg har ei veldig snill kone, som lar meg få vera med på dette, ho forstår at dette betyr mykje, seier Halleland, som også ønskjer å retta ei takk til dei som har nominert han.

Lærekøyring

– Einar betyr mykje for mange, spesielt flyktningane. Dei kan ringa til Einar når dei vil, han er veldig hjelpsam og ordnar og styrer, seier Guro Røher Eriksen i Sveio frivilligsentral.

Det er mange som ønskjer å køyra med han no, men grunna anbefalingane som er no med tanke på smittevern, utgår det. Det har blitt fleire hundre mil på ei veke. Halleland har også dialog med køyreskulane, om det må til.

– Ei veke trur eg at eg køyrde 50-60 timar, men det treng du ikkje ta med, seier den beskjedne karen.

Når det gjeld frivillig arbeid er ikkje alt som det pleier, men Halleland set pris på dei møta han kan vera med på, når samfunnet tillet det. Og påpeikar at han gjerne vil dela prisen med alle andre frivillige – fokus på seg sjølv er han ikkje så glad i, men lagarbeid, derimot!

Utdelt for andre gong

Frivilligprisen blir delt ut av Sveio frivilligsentral, som ønskjer å heidra dei som har utmerka seg innan frivillig arbeid i Sveio. Hovudkriteriet for å bli tildelt prisen, er at vedkommande har gitt av si tid og kunnskap frivillig, utan å ta betalt.

–  Årsaka til at me gjekk i gong med ein slik pris, var for å få sett ekstra pris på desse personane, og gi heider og ære til dei som fortener det, forklarar Kristianne Uri.

Prisen blei delt ut andre gong. I fjor fekk Inger-Emilie Kvalvåg Panayiotou mange nominasjonar, og blei dermed heidra for innsatsen ho gjer for Sveio Drill.

Utdelinga av denne prisen skulle eigentleg vore på ordføraren si nyttårsmottaking, men den utgjekk i år.

Powered by Labrador CMS