nyhende
– Det er veldig kjekt at det første kraftverket vi realiserer ligg i vår region
No er det klart: Toraneset i Skjold blir vertskap for Vestlandets første storskala solkraftverk.
Solenergiselskapet Endra AS har nyleg vedteke investering for utbygging av HIM Solkraftverk. Prosjektet er Noregs første storskala solkraftverk på eit avfallsdeponi og det aller første større solkraftverket på Vestlandet. Prosjektet fekk i juni 2024 konsesjon frå NVE til å produsere straum i 30 år og blir no klargjort for byggjestart våren 2025.
– Ei investeringsavgjerd om å byggje ut HIM Solkraftverk representerer ein viktig milepæl for Endra. Gjennom dette prosjektet har vi allereie bygd, og skal halde fram med å byggje, svært verdifull kompetanse og erfaring med å utvikle storskala, bakkemonterte solkraftprosjekt. Dette er avgjerande for vår framtidige satsing både i Noreg og Norden, seier direktør i Endra, Kristian Gautesen i ei pressemelding.
Kraftverket skal byggjast oppå eit lukka deponi for spesialavfall, inne på området til Haugaland interkommunale miljøverk (HIM).
To jobbar frå Etne
Kraftverket vil ikkje bidra direkte til nye faste arbeidsplassar på Toraneset, men selskapet Endra bidreg allereie til sysselsetting i regionen. Selskapet har mellom anna to tilsette frå Grannar-distriktet, nemleg Espen Nordtveit frå Imsland og Sveinung Eskeland frå Etne. Begge jobbar delvis frå næringshagen Medvind24 sine lokalar i Etne, og resten av tida frå Haugesund.
HIM Solkraftverk er eit pionerprosjekt, ved at det blir bygd på eit «grått areal», som inneber minimale inngrep i naturen og vidare utnytting av eit areal med få alternative bruksområde, til fornybar energiproduksjon.
— I prosjektutviklinga og byggjefasen vil vi òg få testa tekniske løysingar og gjennomføringsmetodikk som vi kan høste mykje lærdom frå, og som kan bidra til å redusere kostnadene i framtidige storskala prosjekt, fortel Gautesen.
Endra AS er eigd av Haugaland Kraft AS og har fleire prosjekt i støypeskjeen, mellom anna eit areal på Nesset, nordaust for Haukås i Sveio og eit areal i Haugaland Næringspark i Tysvær. Sistnevnde er avhenging av meir kapasitet i nettet, noko som etter planen er på plass i 2027, når Statnett si nye høgspentlinje frå Blåfalli, via Etne og Vindafjord, er ferdigbygd, opplyser Gautesen til Grannar.
Nasjonal betydning
Elektrifisering og grøn næringsutvikling i Noreg vil krevje store mengder kraft i åra som kjem. Den norske regjeringa har eit mål om å produsere 8 TWh solkraft innan 2030. HIM Solkraftverk vil vere eit viktig steg for bransjen for storskala, bakkemonterte solkraftanlegg i Noreg.
– At norske styresmakter ønskjer ei betydeleg satsing på norsk solkraft er bra, men vi har ein lang veg å gå før vi når produksjonsmålet som er sett. Endra ønskjer å gå i front i vår bransje i retning av dette målet, og investeringa i HIM Solkraftverk er eit viktig første steg på vegen, seier Gautesen.
Prosjektet bidreg òg til utviklingsmoglegheiter for norske leverandørar, og sørlandsbaserte SJ Sol fekk nyleg kontrakt på bygging og installasjon av kraftverket. Dette blir deira til no største prosjekt.
HIM Solkraftverk er eit prosjekt med sterk lokal forankring i regionen, både gjennom lokalt eigarskap og med plassering i Vindafjord kommune, ein kort køyretur frå Endra sitt hovudkontor.
— Sjølv om vi som selskap utviklar prosjekt i heile Norden og det nordiske kraftmarknaden, er det veldig stas at det første kraftverket vi realiserer, ligg i vår region, avsluttar Gautesen.
HIM solkraftverk
• Endra har fått konsesjon til å byggje, eige og drive HIM Solkraftverk med inntil 3 MWp installert effekt. Solkraftverket vil kunne dekke straumforbruket til om lag 115 husstandar.
• Planområdet er på om lag 40 dekar og består av eit lukka avfallsdeponi ved Haugalandet Interkommunale Miljøverk på Toraneset i Vindafjord.
• Området HIM Solkraftverk skal byggjast på er eit såkalla «grått areal», som kan omfatte forlatne industriområde, grusplassar, gamle steinbrot, deponi og ubebygde næringsparkar.
• Endra sende i november 2024 inn detaljplan for HIM Solkraftverk til NVE, som no er under behandling. Igangsetjing av byggearbeid vil skje straks etter godkjenning, forhåpentlegvis innan utgangen av første kvartal 2025.