nyhende
Politisk debatt i Buavåg:
– Det er utruleg gamaldags å setja seg i ein bil og køyra til Bergen for å jobba
19 dagar før stortingsvalet stilte sju potensielle kandidatar til Stortinget på Sjøhuset i Buavåg, der dei gjorde greie for sine synspunkt i ulike saker relatert til Vestlandet og andre aktuelle saker.
Nokre av politikarane som møtte forsamlinga i Buavåg har ein reell sjanse for å koma inn på Stortinget i neste periode, og vil dermed bli eit viktig bindeledd mellom Sveio og beslutningstakarane i Oslo. For mange var det nok interessant å høyra deira konkrete meiningar om lokale høve.
Temaet for kvelden var Vestlandet. Helge Bua var møteleiar, og haldt orden på dei sju politikarane med stø hand.
Dei fem spørsmåla han stilte fekk både korte og lange svar. Det som gjekk snarast å svara på, var om politikarane trudde Sveio hadde moglegheit for å få tilbake lensmannskontoret som blei nedlagt for tre år sidan.
Nei til lensmannskontor
– Nei, det vil du ikkje. Politikreftene må vera samla, slik at dei kan ta på seg tunge oppgåver, sa Geir Angeltveit frå Venstre.
SV var klart positive, utan å utdjupa noko vidare, medan Høgre og Sp var villige dersom henhaldsvis politiet og kommunane ber om dette, ellers var det tydelege nei frå både Frp, Ap og KrF.
Bua stilte også eit spørsmål som gjekk på kulturlandskapet som gror igjen, og om politikarane kan hjelpa til å bevara kulturlandskapet, med å løyva midlar til gardar som ikkje er i drift.
Attgroing
– Det vil vera krevjande utan at ein produserer noko på arealet. Utgangspunktet må vera å motivera til å driva landbruksarealet, svara Nils T. Bjørke frå Senterpartiet.
På Bømlo blir beiteryddingstilskot støtta opp av SMIL-midlar frå fylket.
– Det er eit klart tiltak som hjelper. Eg vil foreslå det som eit nasjonalt tiltak, sa Morten Helland frå KrF.
– Klart me er for å bevara kulturlandskapet, beiting må til for å bevara det over tid. Grunneigaren har ansvar, og SMIL-midlane KrF viser til, kan me benytta oss av, seier Ruth G. Østebøvik Eriksen frå FrP.
– Å bevara eit kulturlandskap ser eg stor verdi i, det må ein prioritera og legga til rette for at det blir beita, seier Odd Harald Hovland frå Ap.
Venstre ønskte ikkje direkte politikk til landbruk som ligg brakk.
– Det handlar om å skapa gode lokalsamfunn som gjer at folk ønskjer å busetja seg der, sa Angeltveit.
Hordfast
Etter spørjerunden, var det rom for spørsmål frå publikum, og her nytta publikum høvet til å stilla spørsmål, fire lokale fekk komma til orde. Det blei mellom anna spurt om om dei er for eller i mot vegprosjektet Hordfast, som vil knyta saman Bergen og Stavanger med ein fire-felts motorveg.
Eriksen frå FrP kunne gjerne starta gravearbeidet for vegen med spade alt no, Trellevik (H) er også klar for ny veg, likeeins Venstre, KrF og Ap.
Anna Sofie Ekeland Valvatne i SV meiner at å byggja veg høyrer fortida til.
– Eg vil ikkje ha Hordfast. Det er utruleg gamaldags å setja seg i ein bil og køyra til Bergen for å jobba der, når ein kan jobba her. Spesielt no etter pandemien, når ein ser korleis det fungerer med digitale løysingar, sa Valvatne.
Senterpartiet ønskjer å ta prioritera vegane som er viktigast for liv og helse først, i tråd med Vestland fylkeskommune sine prioriteringar.
– Me må komma i gong. Hordfast treng kostnadsreduserande tiltak, det er for dyrt og usikkert, seier Nils T. Bjørke til Vestavind.
Det blei ikkje så høg temperatur blant deltakarane, men alle svara greit for seg på spørsmåla dei fekk, og kom dei av sporet leia Bua dei tilbake i rett retning.
Bestemt i vår
Sist det var paneldebatt på Sjøhuset var i samband med kommunevalet for to år sidan. Dette var første omgang med debatt før eit stortingsval. At det framleis skulle vera smittevernomsyn å ta var ikkje i tankane då det blei bestemt tidlegare i vår.
– Me var i tvil om me skulle våga å halda debatten, men me har ommøblert, og éin ser til at folk ikkje sit for tett, seier Astrid Hovda frå Sveio Gullforening.
På førehand var det varsla at det var plass til maks 40 tilhøyrarar inne. Då Hovda ønskte velkommen, var det få ledige plasser igjen i lokalet, som var fylt opp med rundt 30 publikummarar, utanom dei frå arrangøren. Ein god del av dei som følgde debatten høyrde til i lokalpolitikken her i Sveio. Forhåpentlegvis blei tilhøyrarane tryggare på kven som får deira stemme i stortingsvalet 13. september.
Miljø og familiepolitikk
To av dei som hadde tatt turen til Buavåg denne kvelden, var Bente Hovland Johannessen og Torbjørn Johannessen.
– Kva er viktig for dykk når de skal stemma?
– Miljø er viktig, det har me blitt merksame på i det siste, seier Bente Hovland Johannessen, som plussar på både familiepolitikk og psykisk helse. Torbjørn Johannessen er spent på kva nye arbeidsplassar som skal skapast når det grøne skiftet kjem, spesielt med tanke på alle dei som jobbar i olja.
– Omstillinga må skje over tid, seier han.