nyhende

Med ordførar André Mundal Haukås ved saksa og dei tilsette på plass, var det klart for offisiell re-opning av Extra-butikken i Sveio.

– Det er sånn me skal ha det kvar dag

Torsdag relanserte Extra Sveio butikken etter fleire veker med oppgraderingar. Med snorklypping kunne dei tilsette endeleg ønskja kundane velkomne inn i ein lysare og meir oversiktleg butikk.

Publisert

– Dette har vore ein spanande prosess, og det ligg mykje arbeid bak det de ser her i dag. Eg vil gjerne retta ein stor takk til alle som har bidrege og gjort dette mogleg. Men aller mest vil eg takka kundane våre. Det er de som skapar liv og fellesskap rundt plassen vår, sa Reidun Karin Reinertsen, som ønskte dei frammøtte velkomne til opninga.

Også ordførar André Mundal Haukås nytta høvet til å rosa dei tilsette før snora skulle klippast.

– Det er imponerande det de har fått til med oppgraderinga, samstundes som de har halde drifta gåande her heile tida, sa han.

Ordføraren nytta også høvet til å oppmoda dei frammøtte om å stemma på Reidun Karin Reinertsen, heilt til høgre i biletet, som er finalist i konkurransen om å bli kåra til Noregs hyggjelegaste kassamedarbeidar.

Mykje arbeid bak

Både butikksjef Rebekka Lye og assisterande butikksjef Anne Lovise Storstein tok seg nokre rundar i butikken og var godt nøgd med det dei fekk sjå.

– Det har vore mykje jobb, det har nok blitt ein god del ekstra timar. Men så har det òg blitt så flott, seier Lye.

Butikksjef Rebekka Lye (t.h.) og assisterande butikksjef Anne Lovise Storstein kunne smila breitt då dei endeleg fekk sjå resultatet og ønskja kundane velkomne.

Saman trekkjer dei fram innsatsen frå dei tilsette, som har halde drifta i gang medan arbeidet har føregått.

– Det har vore kjempeflinke tilsette som har jobba, hjelpt til og halde drifta i gang heile vegen, seier Storstein.

Det varde både lovord og blomar til dei tilsette under opninga. Frå venstre: Anne Tove Lye, distriktssjef i Coop Sørvest Tormod Helle, Christoffer Mortveit, Anne Lovise Storstein, Margrethe Johannessen, Reidun Nes, Veronica Øygarden, Reidun Karin Reinertsen, Edith Ødegaard Drogen, Rebekka Lye, Arya Bye og ordførar André Mundal Haukås.

Oppgraderinga vil ifølgje dei to gje handleopplevinga eit stort løft.

- Det skal vera enklare og meir logisk å handla. Det skal vera lettare å finna både dei gode tilboda og alt det andre ein treng, held Lye fram.

- Fantastisk å få ein sånn butikk i Sveio

Distriktssjef i Coop Sørvest, Tormod Helle.

Distriktssjef i Coop Sørvest, Tormod Helle, lét seg òg imponera då han fekk sjå det ferdige resultatet.

- Det har blitt vanvittig bra. Eg synest det er fantastisk å få ein sånn butikk i Sveio. Butikken opplevast mykje større, han er blitt både openare og luftigare. Eg er veldig imponert over det dei har fått til medan butikken har vore i drift, seier Helle.

Då snora var klipt og dørene opna, strøymde kundane til.

- Det var veldig kjekt med så mange folk. Det er sånn me skal ha det kvar dag, avsluttar Storstein.

Powered by Labrador CMS