nyhende

— Det er jo ikkje bra

Vestland fylkeskommune var på inspeksjon av ei bru på vegen til Auklandshamn, der det har kome skade. — Vegen er framleis køyrbar, seier Roger Lemme, byggeleiar for drift og vedlikehald.

Publisert Sist oppdatert

— Muren har fått seg ein knekk, seier Lemme.

Han er byggeleiar for drift og vedlikehald i Vestland fylkeskommune og har teke vegen til Auklandshamn. Saman med ein kollega gjorde han ein inspeksjon av brua og den påverka vegstrekninga.

Betonggjerde skada

— Me ser på mogelegheita for korleis me skal erstatta eller utbetra den, seier Lemme.

Betonggjerdet som går langs vegen ved brua har rakna, og skrår seg utover vekk frå vegen.

Utsendingane til fylkeskommunen køyrde sjølv over brua før dei byrja inspeksjonen, og fortel at ein ikkje treng å verta uroa.

Vegen er køyrbar

— Er det noko farlig for køyrande med brua eller strekninga no?

— Nei ikkje direkte, men det er jo ikkje bra. Vegen er framleis køyrbar, seier Lemme.

— Kva har dykk gjort under inspeksjonen?

— Me har teke målingar av vegen, svarar Lemme.

Strekninga og brua skal utbetrast fortel dei etter inspeksjonen er ferdig.
Etterpå skal dei vidare ut til Auklandshamn for eit anna oppdrag.

Powered by Labrador CMS