nyhende

Ken André Ottesen har sagt opp jobben i VG og skal no satse fullt og heilt på eigne prosjekt. Instagramkontoen BAdesKen er navet i verksemda hans, sjølv om han tener null og niks på sjølve kontoen. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK
Ken André Ottesen har sagt opp jobben i VG og skal no satse fullt og heilt på eigne prosjekt. Instagramkontoen BAdesKen er navet i verksemda hans, sjølv om han tener null og niks på sjølve kontoen.

— Det er ikkje tvil om folk i Noreg er glade i lokalavisene sine

Ken André Ottesen, betre kjent som BAdesKen, har sagt eit førebels adjø til livet som skrivande journalist. No blir det TV-serie, show og fleire bøker.

Publisert Sist oppdatert
Vi treff Ottesen utanfor VG-huset i Akersgata i Oslo kor han inntil nyleg var tilsett. No skal han livnære seg på eigne prosjekt, og instagramkontoen BAdesKen, der han driv venleg harselas med lokalaviser, er sjølve navet i firmaet hans.

– Eg tener absolutt null pengar på BAdesKen, men instagramkontoen har blitt ein katalysator for at eg får gi ut bøker, drive med underhaldning og halde foredrag. Eg har masse ståande tilbod frå annonsørar som vil inn på BAdesKen og sponse, men eg har liksom berre bestemt meg for at det ikkje skal skje, fortel Ottesen til Nynorsk pressekontor.

Hummar eller sjøkreps

I over ti år har Ottesen vore vaktsjef i VG, og ut frå reaksjonane han får frå forbipasserande i Akersgata denne føremiddagen i juni er det tydeleg at han kjem til å bli sakna på huset.

– Lykke til vidare, seier ein forbipasserande VG-tilsett medan Ottesen fortel om det nye livet sitt som sjølvstendig næringsdrivande.

– Det er null dramatikk rundt oppseiinga. Ein kan på sett og vis samanlikne det med å sitte og ete hummar på ein restaurant. Det er sinnssjukt godt, så kjem nokon bort og tilbyr deg sjøkreps i staden. Det er bitte litt betre enn hummar. Og akkurat no såg eg at eg hadde moglegheit til å ete sjøkreps, så då får hummaren liggje litt på is, seier Ottesen.

Han ser bort frå likevel ikkje at det kan bli eit journalistisk comeback med tida.

– Eg ser heilt klart for meg at eg kan komme tilbake til journalistikken og eg kjem jo og garantert til å vere involvert i mykje journalistikk i åra framover. Men ikkje som fast tilsett i VG. Det er liksom noko med at eg har jobba turnus i så mange år at eg følte at no har eg fortent å bestemme når eg skal jobbe, kven eg skal jobbe for og kven eg skal jobbe med, seier eksjournalisten.

Kjærleik for lokalaviser

I skrivande stund har BAdesKen 347.000 følgjarar. Den første innlegget på instagramkontoen blei publisert i 2012, men det var først frå 2017 Ottesen byrja å reindyrke konseptet med å legge ut rare saker frå norske lokalaviser. Bakgrunnen for at han oppretta kontoen, har i stor grad samanheng med kjærleiken for lokalaviser.

– Eg har jobba 18 år som lokalavisjournalist, har skrive mange rare saker og sett mange rare saker. Eg tenkte rett og slett at det måtte vere ein marknad for å samle stoffet og presentere det i ein heilskap. Så berre byrja eg å legge ut rare saker på Instagram, og det blei veldig fort populært.

– Eg er veldig glad i lokalavisene og vil på ein måte hjelpe til å vise fram den enorme og unike lokalavisfloraen vi har i Noreg. Når verda blir meir og meir globalisert, så blir lokalavisstoffet ei slags motvekt. Det er ikkje tvil om folk i Noreg er glade i lokalavisene sine, konstaterer Ottesen.

Den morosame fetteren til Norge Rundt

Eit av prosjekta Ottesen no er i gang med, er ein TV-serie om norske lokalaviser.

– Vi har laga ein pilot, som vi jobbar med å få seld.

– Kva kan du seie om innhaldet?

– Planen er at vi skal ha ei køyrerute i kvar episode. I piloten reiser vi frå Bergen til Bømlo. På den reisa stoppar vi på plassar der det har skjedd rare ting som lokalaviser har omtalt. Så er vi innom lokalavisredaksjonar og helser på dei.

– Det blir den morosame fetteren til Norge Rundt eller den sprelske tanta til «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Målet er å få folk til å le litt, men òg lære dei om geografien, lokalavisene og lokalavisjournalistikken i landet vårt, seier Ottesen.

Kapsen er merkevare

Ottesen har gjort seg sjølv til ein del av varemerket sitt. Mellom anna ved alltid å bruke kaps med teksten «Toten» på. Kvifor ser vi han aldri utan det velkjente hovudplagget?

– Eg har hår, altså, seier Ottesen leande og lettar på kapsen slik at vi får bekrefta påstanden.

Han forklarer at bakgrunnen for kaps-bruken er todelt.

– Den eine grunnen er at eg er frykteleg stolt av å vere frå Toten og har lyst til å vise fram det utan skam. Altfor lenge har folk frå bygda skamma seg over plassen dei er frå.

Den andre grunnen dreier seg om branding.

– Viss eg går rundt med kapsen i Oslo er det ganske mange som veit kven eg er. Viss eg tar den av får eg vere heilt i fred, då er det ingen som veit kven eg er. Det er som Clark Kent – når han tar av seg brillene er han supermann. Når han tar dei på kjenner, ingen han igjen.

Humoristisk journalist

Før vi går kvar til vårt spør vi Ottesen om han først og fremst ser på seg sjølv som ein journalist eller ein humorist.

– Ein humoristisk journalist, seier han og snur ryggen til VG-huset, før han legg i veg nedover Akersgata med ei klar retning mot den norske lokalavisfloraen.

(©NPK)

Dette er det første innlegget som blei publisert på instagramkontoen BAdesKen.
Redaktøren i Nynorsk pressekontor, Jan Inge Fardal, frekventerer med jamne mellomrom BAdesKen. Her blei han harselert med i samband med at han sa ja då han gifta seg.

Fakta om BAdesKen

* Instagramkonto som driv med vennleg harselas av rare saker i norske lokalaviser.

* Kontoen blei oppretta i 2012 og har nesten 350.000 følgjarar.

* Ken André Ottesen får inntil 1.000 tips kvar dag om potensielle saker han kan publisere på kontoen.

Powered by Labrador CMS