nyhende

Haaland-turismen tek av på Jæren:

Noregs Erling Braut Haaland etter kampslutt i VM-kvalifiseringskampen i fotball for menn mellom Noreg og Italia på Ullevaal stadion i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Noregs Erling Braut Haaland etter kampslutt i VM-kvalifiseringskampen i fotball for menn mellom Noreg og Italia på Ullevaal stadion i Oslo.

Det er ganske rått

Bryne fotballklubb førebur seg på ei firedobling av besøkstalet i fjor med folk som vil gå i Erling Braut Haalands fotspor.

Publisert Sist oppdatert

Dette har ført til at klubben har teke grep, skriv Stavanger Aftenblad. Olav Stangeland Lygren har nemleg, i tillegg til trenarjobben i junioravdelinga i klubben, fått jobben som turistsjef.

– Jobben min går ut på å halde kontakt med dei ulike aktørane, organisere guiding og til dels også stå for formidling sjølv, seier Lygren til Aftenbladet.

I fjor vart det halde 20 omvisingar på Bryne stadion. No førebur Bryne seg på å ta imot over 80 planlagde turistgrupper. Det er primært britiske cruiseturistar som utvidar Stavanger-opphaldet til også å omfatte Jæren og Bryne.

Erling Braut Haaland-kunstverk på Bryne, laga av Anette Moi.

– Det er ganske rått. Det er tydeleg at det er ei interesse for det, seier Lygren.

Ifølgje Lygren varierer storleiken på dei besøkjande gruppene frå 10 til 50 personar.

Opplev Jæren, i samarbeid med Bryne FK, Guide Companiet og Region Stavanger er alle involverte i prosjektet. Fleire frivillige pensjonistar er blant guidane.

Den første guida turen vart avvikla i april i fjor. Turistane er mellom anna innom Jærhallen, Brynes klubbhus og garderobe og får ein kikk på gatekunstverka i området. Ein smakebit på lokal mat er også på programmet.

Erling Braut Haaland-kunstverk på Bryne, laga av kunstnaren Pøbel.
Powered by Labrador CMS