nyhende
Stortingskandidat Odd Harald Hovland på besøk:
– Det er fantastisk at de er tydelege på kva som trengst
Frisbeegolf, mental helse og ungdomsarbeid var tema då stortingsrepresentant Odd Harald Hovland (Ap) frå Bømlo besøkte Sveio.
Det er mange politikarar frå fylkeslistene på besøk i distrikta om dagen. Stortingsvalet 13. september synest å vera eit godt høve til å gjera seg enda betre kjend med utfordringar, men også det som fungerer i Sveio.
Fredag i sist veke var Odd Harald Hovland frå Arbeidarpartiet innom både ungdom, butikktilsette som har stått på i pandemien og bønder som vil satsa. Vestavind var med på første praten, med Ingvild Haugland (17) og Håkon Sveen Lothe (19) frå Sveio ungdomsråd. Praten gjekk i ungdomsarbeid, mental helse – og noko nytt som ungdomen har lyst til å få til i Sveio, nemleg frisbeegolf.
Fokus i skulen
Mental helse er svært aktuelt om dagen, for det er ikkje alle som har det greit. Digitale plattformar kan bidra til å halda kontakt med andre, men det kan òg vera ein arena for utestenging.
– Mental helse er viktig, spesielt blant unge. Det er lettare å slenga kommentarar på nett enn ansikt til ansikt på skulen. Folk kan fort føla seg utanfor, seier Lothe, som meiner at det bør vera godt fokus på temaet i skulen.
Buss og mental helse
Dei to er glade for at ungdomskoordinator Flemming Lothe er på Vigdartun etter skuletid. Hans oppdrag er mellom anna å vera der for ungdom som ikkje held på med organiserte aktivitetar, og er dermed ei viktig brikke for ungdomslivet i Sveio. Her kan ein koma og berre vera, anten i lag eller aleine. Det nyaste tiltaket er at ungdom kan få laga og eta middag.
– Han er som ein kompis som me set stor pris på, seier Ingvild om ungdomskoordinatoren, som sørgjer for at dørane til Vigdartun er opne etter skuletid.
Stillinga til ungdomskoordinatoren blei oppretta etter at kommunestyret vedtok å setja av pengar til føremålet for ei tid tilbake.
Ingvild trekk fram at kollektivtransport alltid har vore ei viktig sak for ungdomsrådet. Det kan vera vanskeleg å komma seg rundt om ein bur andre stadar enn i Sveio sentrum, der treffstaden Vigdartun er.
– Det har litt med mental helse å gjera også, for det blir vanskeleg å vera sosial. Om nokon vil vera med på middagen, kjem dei seg kanskje ikkje heim, då kan det bli slik at middagstilbodet berre er for dei som bur i sentrum, seier 17-åringen.
Lyttar til ungdomen
Temaet mental helse er prioritert i Arbeidarpartiet sin politikk, og stortingskandidaten frå Bømlo synest det er topp at kommunen prioriterer ungdom. Som politikar meiner han at helsesjukepleiarar bør vera meir tilgjengelege for ungdom, spesielt no etter pandemien, men også som følgje av samfunnsutviklinga generelt
– Det er fantastisk at de er tydelege på kva som trengst. Blir nokon verande for lenge utanfor, er det krevjande å få dei tilbake, anten det er studie eller arbeid. Barrierane kan vera store, seier Hovland, og legg til at ein er godt på veg med det nye middagstilbodet på Vigdartun etter skuletid.
– Det er førebyggjande. Kjem ein for langt, kan behandlingsløpet bli mykje tyngre, seier Hovland.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) fortel at ungdomsrådet betyr mykje for politikarane i Sveio.
– Politikarane lyttar til det ungdomsrådet formidlar. Det er enormt viktig for oss å vita kva dei synest er viktig, seier Erve. Idéen om frisbee-golf, som enda er på idéstadiet, hadde ho ikkje høyrt eller tenkt på sjølv, før det blei tatt opp på møtet deira tidlegare i veka.
Jobb til alle
Arbeidarpartiet var valvinnar i Sveio i stortingsvalet for fire år sidan, med ein oppslutnad på 27,4 prosent. I følgje Hovland, er deira viktigaste jobb i neste periode å sikra arbeid til alle.
– Ein sterk veldferdsstat og å utvikla offentleg velferd og skule er ting me satsar veldig på, seier Hovland. Han trekk også fram at Noreg skal vera eit lågutsleppssamfunn i 2050.
– Det er ei stor og krevjande omstillingsoppgåve å skaffa nye jobbar. Sveio ligg strategisk godt til for arbeidsmarknaden rundt, men også for folkevekst og næringsetableringar i kommunen, seier Hovland.
Erve er glad for at Arbeidarpartiet har ein så sterk kandidat i Hovland, som er på 2. plass til Hordaland valkrins.
– Dei største oppgåvene løyser me i lag, smiler Erve.