nyhende
— Det er ein stor tryggleik å kunna vera sjølvforsynt med mat
Bøndene Arne Valen og Kristian Eilerås i Sveio Andelslandbruk er i full sving med planlegginga av årets åkersesong. Å kunna dyrka maten sin sjølv meiner dei gjev tryggleik i ei elles utrygg og uføreseieleg tid.
Det såkalla lutlandbruket, det vil seia «andelslandbruket», gjennomgår no ein renessanse.
— Det er urolege tider. Den noverande krigssituasjonen i Europa har gjort fokuset på å dyrka eigen mat endå større. Det er ein stor tryggleik å kunna vera sjølvforsynt, seier Arne Valen.
Slo seg saman
Den tidlegare bioingeniøren og bymisjonsleiaren Valen har no pensjonert seg og vigd seg fullt og heilt til livet som bonde.
Han fortel at store delar av jordbruksarealet i Sveio ikkje vert utnytta. Dette ville han og sauebonden Kristian Eilerås gjera noko med. Løysinga vart eit lutlandbruk.
I fjor starta difor han og Eilerås opp Sveio Andelslandbruk. Dei to bøndene fortel at dette er noko dei hadde hatt lyst til lenge.
— Så tenkte me at me kunne slå saman dei to gardane våre til eitt landbruk og kalla det for Sveio Andelslandbruk, seier Eilerås.
Medan Eilerås stiller med naudsynt utstyr, som til dømes traktor, disponerer Valen jord på garden sin på Mekeland i Våga.
Målet deira er å verta sertifiserte som økologisk matprodusent.
— Me dyrkar etter økologiske prinsipp. Me nyttar korkje kunstgjødsel eller sprøytemiddel, seier Valen.
Frå einsemd til fellesskap
Eilerås og Valen er samde om at eit samarbeid er til gagn for begge partar, men òg generelt.
— For bønder i landbruket kan det fort verta veldig einsamt. Ein går rundt på store gardar heilt åleine, parallelt med at kostnadene i gardsdrifta har gått drastisk opp. Det er ganske tøft å stå i, seier Eilerås.
Han forklarer ytterlegare:
— Når me deler på ansvaret, kan me gjera kvarandre tenester og avløysa kvarandre. Når den eine er vekkreist, kan den andre sjå til garden og vise versa, legg Eilerås til.
— Det gjev òg ein auka trivnad å vera saman om arbeidet, seier Valen.
Frukt og grønt
Eit lutlandbruk inneber i praksis at fleire familiar leiger ein lut (del, eller «andel») av jorda som bonden disponerer. Under dei vekentlege dugnadene i åkeren dyrkar familiane og bonden grønsakene fram i fellesskap. I laupet av sesongen vert åkervarene fordelte på deltakarane.
Ein sesong varer i om lag eit halvt år; heilt frå såing til hausting.
Dei to bøndene gleder seg til nok ein lærerik og sosial åkersesong. Dette vert den andre sesongen lutlandbruket deira gjennomfører.
I år vil åkeren deira bogna av grønsaker. Kålrabi, betar, fenikkel, brokkoli, hovudkål, knutekål, spisskål, rosenkål, purre, lauk, squash, agurk, stongselleri, gulrot og potet er blant dei mange sortane som vil veksa i jorda på Mekeland.
Også frukt, bær, diverse urter, kjøt og ved vil vera inkluderte i «luten» til dei ulike familiane.
— Kva gleder de dykk mest til?
— Me gleder oss til det å samla folk og saman sjå det veksa i åkeren. Det vert òg kjekt å sjå at folk vert nøgde, og at det me driv med er meiningsfullt, seier Valen og Eilerås.
Landbruk som integreringsarena
Sveio Andelslandbruk har eit samarbeid med Sveio frivilligsentral, og dei har sagt at dei disponerer lut til tre flyktningfamiliar, anten dei er av ukrainsk eller anna etnisk opphav.
— Tilbodet om å vera med i landbruket vårt er òg ope for flyktningar. Lutlandbruket kan verta ein god integreringsarena, der flyktningane får vera sosiale, verta kjende med dei andre luteigarane, læra seg norsk og dyrka eigen mat saman med andre, understrekar Valen.