nyhende
– Det er eg evig takksam for
Vekas sveibu er ei stolt mor frå Sveioåsen.
– Eg jobbar som sjukepleiar på hudavdelinga i Haugesund.
– Kva gjer du til dagleg?– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Å ha så fin natur rundt meg! Eg er særleg glad i naturen på Eltravåg, der me bur sommarhalvåret.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Betre bussforbindelsar.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det har vore mange fine konsertopplevingar i Sveio: Luciakonsertene til barnekoret har vore ein fin tradisjon. Konsert med Jan Eggum og konsert med Ole Paus og Ad Libitum må også nemnast.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg er så glad eg får mogelegheit til å framsnakka Grutle-familien på Straumøygård, som i samarbeid med Sveio kommune og gode tilsette har skapt eit miljø og ein stad der det er godt å vera, også for mennesker med spesielle behov. Min son Paul lever eit trygt og meiningsfullt liv der. Det er eg evig takksam for.
– Eg må jo også framsnakka dotter mi Ruth Victoria Rømyhr med artistnavnet RÜ. Ho har gjeve ut albumet «La Petite Princesse» i desse dager, i samarbeid med Kim Ofstad. Albumet er vel verdt å lytta til. 23. november varmar ho opp for artisten Sigrid i Maritim Hall!