nyhende

Det blir stadig fleire alderspensjonistar.
Det blir stadig fleire alderspensjonistar.

Det blir stadig fleire alderspensjonistar

Publisert Sist oppdatert

Talet er høgare enn på fleire år, skriv NAV i ei pressemelding.

I fyrste halvår 2023 tok 35.500 personar ut alderspensjon for fyrste gong. Frå 2022 til 2023 har talet auka med 6,8 prosent. Hovudårsaka er at dei blir stadig fleire eldre i aldersgruppa 62–67 år, altså når dei fleste plar å ta uttak av alderspensjon.

– I tillegg trur me at den høge prisveksten kan ha ført til at fleire enn normalt har valt å starta uttak av alderspensjon i år, blant dei som framleis er i arbeid, seier avdelingsdirektør Ole Christian Lien i Nav.

Trass i kraftig auke i talet på alderspensjonistar, jobbar folk lenger enn før. Gjennomsnittleg avgangsalder frå arbeidslivet var 66,0 år i fyrste halvår 2023, opp 0,2 år frå same periode i 2022. Det siste tiåret har det vore ein svak auke i avgangsalder, frå 65,7 år i 2013.

Powered by Labrador CMS