nyhende
Det blir lov å brenna St. Hans-bål
Haugaland brann og redning har fått melding om brenning av St. Hans-bål allereie frå i dag. Sjølve St. Hans-afta er tysdag, og brannsjef Dag Botnen reknar med det blir lov å brenna bål då også.
– No er det meldt nedbør i helga, og slår det til vil det går veldig greit. St. Hans-bål er ein del av den norske kulturen og ein viktig tradisjon for mange. Me treng dessutan å kosa oss litt i desse tider, seier brannsjefen.
Han minnar samstundes om det generelle forbodet mot å brenna bål mellom 15. april og 15. september. Og at brannvesenet kan innføra bålforbod på kort varsel.
Må meldast inn
Ein må ikkje søkja om å få brenna St. Hans-bål, men det må meldast inn på same måte som andre bål. Det gjer ein ved å gå inn på Haugaland brann og redning si nettside og fylla ut skjema der.
Alle bål skal ha ein som er ansvarleg for bålet. Vedkommande skal sikra at bålet ikkje kan spreia seg til annan vegetasjon eller bygningar, og at det er tilstrekkeleg med vatn til å kunna sløkka bålet.
Det er kun lov å brenna rent trevirke som kvistar og greiner. Papir, papp, impregnert material og søppel generelt er ikkje lov.
Dette må du hugsa på
Haugaland brann og redning, som dekker kommunane Sveio, Bokn, Etne, Karmøy, Suldal, Tysvær, Utsira og Vindafjord, har laga ei bål-huskeliste:
- Det skal utpeikast ein ansvarshavande person som er ansvarleg for bålet.
- Bålbrenninga må skje på ein slik måte at det ikkje medfører fare for brann.
- Bålet skal plasserast på ubrennbart underlag, og i god avstand frå brennbar vegetasjon, materiale, bygningar og liknande.
- Det skal kun brennast tørt trevirke. Det er ikke tillete å brenna avfall.
- Fylte vassbøtter eller anna eigna sløkkemiddel skal vera tilgjengeleg under bålbrenninga.
- Bålet skal ikkje forlatast før det er heilt sløkt. Ansvarshavande har ansvar for å sjå til at dette blir gjort.
- Brannvesenet kan nekta bålbrenning om vêrforholda gjer det nødvendig (blir annonsert i media).
- Ein må innhenta løyve hos grunneigar i forkant av bålbygging.
- Ansvarshavende er ansvarleg for at området blir rydda etter bålbrenning.
20/20-regelen
Dersom bålet kjem ut av kontroll, skal brannvesenet varslast umiddelbart på nødnummer 110.
Skulle nokon vera uheldige og brenna seg, er det lurt å kunna 20/20-regelen: Skyll med 20 graders vatn i 20 minuttar.