nyhende
Det blir kostbart å løyse mobildekning
Problemet med dårleg mobildekning lengst nord i Sveio kommune kan berre løysast gjennom bygging av ein ny basestasjon til 1,5 millionar kroner pluss grunneigaravtale og framføring av kraft.
Dette er konklusjonen i ein rapport som prosjektleiar dekning i Telenor, Pål Henrik Lukashaugen, fekk denne veka.
Telenor har sett på problemet med dårleg mobildekning på Tittelsnes etter at Alf Kristian Hansen på Ålfjorden brygge tok opp spørsmålet både med Sveio kommune og med Telenor sist haust.
— Telenor har ikkje bestemt seg for å byggja ny basestasjon på Tittelsnes, men eg har invitert med sjølv til Sveio i løpet av mars for å diskutera problemet nærare med kommunen, seier Lukashaugen.
Vindafjord-løysing
Han understrekar at det ikkje er Telenor si meining å fråskriva seg ansvar. Samstundes er Telenor open for å finna løysingar i samarbeid med kommunen, slik det mellom anna har vore gjort i Vindafjord.
Lukashaugen stadfestar at talet på innbyggjarar har hatt betydning for vedtaket om å ikkje løysa problemet med ny basestasjon med ein gong.
— Det me har fokus på i år, er fornying av koparnettet og utbygging av 5G. Så vidt me forstår er det tilgang til fiber på Tittelsnes. Men det er slike spørsmål som eg vil finna meir ut av når eg kjem til Sveio, seier Lukashaugen vidare.
Han fortel også at Telenor har vurdert om ein ny basestasjon kan setjast opp på ein låve eller ein annan høg bygning, men dei har kome til at det ikkje finst bygningar i det aktuelle området som ligg høgt nok i terrenget.
Positiv til møte
Kommunalsjef Kenneth Tollefsen i Sveio kommune stadfestar at han har fått førespurnad frå Pål Henrik Lukashaugen om eit møte i løpet av mars. Det er Tollefsen positiv til. Han fortel at han har sendt fleire alternative datoar dei kan møtast.
— Eg ser ikkje bort frå at det kan bli spørsmål om økonomisk medverknad til utbygging av mobilnettet i nord. Her vil eg ikkje forskottera noko, men det er klart at me er interesserte i å få betre mobildekning i heile kommunen, seier Tollefsen.
På møtet med Telenor vil også dårleg mobildekning andre stader i Sveio. bli eit tema. Tolleffsen nemner blant anna området frå Buamyr mot Åsbu og Emberland, og område sør i kommunen.