nyhende

julegrantenning førde 2018
Slik har me hatt det, og slik håpar me å få det igjen. Biletet er frå julegrantenninga i Førde i 2018, då sambygdingar stod som sild i tønne og gledde seg over at snart var det jul. I 2020 er me nøydd til å tenkja alternativt for å yta noko til fellesskapet. I Førde har dei fått det til.

Det blir julemarknad i Førde i år, berre litt annleis

Med covid-19 virus hengjande over oss er dei fleste arrangement avlyst. Den gode nyheita er at det likevel blir julemarknad i Førde – ein variant som er digital.

Publisert Sist oppdatert

Det blir ikkje avhalde fysisk julemarknad i Førde i år, men derimot ei digital messe der du kan kjøpa lokale varer. Salet startar komande helg, frå fredag ettermiddag til søndag kveld.

Då årets julemarknad i Førde blei avlyst, fekk Sandra-Christine Torhaug idéen om å arrangert ein digital variant.

– Då årets julemarknad i Førde blei avlyst grunna korona-situasjonen, fekk eg idéen om å oppretta eit digitalt arrangement. Det var spesielt tanken på dei som er i risikogruppa, dei som ikkje kjem seg ut for å handla, eg tenkte mest på. I denne tida er det dessutan viktig ikkje å spreia smitte vidare, seier Sandra-Christine Torhaug som har fått god respons på forslaget sitt.

Kjøp og sal på nett

Ifølgje Torhaug har den digitale julemarknaden mykje å by på, og enda ventar ho at fleire skal melda seg. Alle som har noko å selja kan leggja ut eigne innlegg med bilder av varer som er til sals. Vel og merka når dei først er blitt godkjente av ein av administratorane for gruppa. For å kjøpa skriv ein kommentar under bildet, eller tek kontakt med vedkomande på privat melding.

Stort mangfald

– Me har mykje å tilby av varer; blant anna flotte strikkevarer av mange slag, kort og gåveesker, og tupperware. Me har også lokal mat som fenalår, pinnekjøt og lammekjøt. Varene kan hentast hos seljar etter avtale. Til dei som bur i Sveio og som ikkje har transportmoglegheiter, kan varene leverast heim på døra, opplyser den engasjerte førdebuen.

Powered by Labrador CMS