nyhende
— Det blir ikkje betre enn det ein gjer det til sjølv
Marie Emberland er dagens gjest i spalta «— Hei, sveibu!»
– Eg er lærling som prosessoperatør hjå Equinor på Kårstø. Eg arbeider skift både formiddag, ettermiddag og natt. I friveker og fridagar er eg lærarvikar på barneskulen på Vikse. På fritida utanom jobb trener eg styrke i Haugesund, er fotballtrenar for gutar 9 i Sveio IL, og klubbrådgjevar i Spretten 4H på Vikse.
– Kva er det beste med å væra sveibu?
– Landlege strøk med fint nærmiljø. Flott natur og godt folk. Ps: Litt fleire eldre Volvo-ar på vegane.
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Breiare og tryggare vegar, for både barn og vaksne
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Omtrent heile oppveksten her, med arrangement via Vikse skule, fotballtreningar, kampar, leirar med 4H, 17. maifeiringar, påsketurar med familien, fakkeltog med bygda. Det blir ikkje betre enn det ein gjer det til sjølv.
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alice Enerstvedt, læraren eg hadde på Vikse skule frå første til sjette klasse. Ho er god og rettferdig er ho. Lærerane på Sveio ungdomsskule: Trygve, Turid og Målfrid. Dei hadde alltid trua og gjorde vekedagane kjekke. Og så har ein Flemming (Pelly) i vaktbua, Sveio sin gledesspreiar. Desse sveibuane må ein ta vare på og rosa, for dei er verdt gull!