nyhende
Starta i ny klasse etter samanslåing:
Det blei raskt bra på ein større skule
Sist det var skulesamanslåing i Sveio, fekk 3. trinn på Sveio skule fem nye klassekameratar frå Lid. For nokre var det litt tøft å vera ny i starten, men dei fortel om ein god sosial gevinst i eit større miljø.
I juni 2014 var ei 125 år lang skulehistorie over på Lid skule, og dei 35 elevane blei overførte til Sveio skule. Dei som gjekk ut av 2. klasse var ein liten bukett på fem elevar som hadde hatt skuledagane sine saman med 1. klassingane.
No har dei gått snart sju år på ein større skule, der elevtalet på barneskuletrinnet var større enn heile elevtalet på Lid.
På førespurnad frå lokalavisa, deler Helge H. Matre, Arne Martin Helland, Emmelin Hjelmeseter, Martine Våga og Maia Våga sine erfaringar frå skulebytet hausten 2015, då dei begynte dei i 3. klasse på Sveio skule.
Samhald
– Kva hugsar de frå tida på Lid?
– Me hadde bra klassesamhald, seier Arne Martin.
– Alle kjende alle, supplerer Helge.
– Eg hugsar at alle var med alle. Me var 13 elevar, og me brukte mykje tid i lag på kjekke ting, fortel Martine.
På Sveio skule venta både A og B-klasse, etter det dei hugsar var det 24 elevar i kvar klasse. Gjengen blei delte, Emmelin, Arne Martin og Helge i ein klasse, og Maia og Martine i den andre.
For dei var det ikkje ei stor greie å bli splitta på denne måten. Den første tida på ny skule var alt nytt. Ein av lærarane frå Lid følgde med til Sveio, men var ikkje knytt til nokon av klassane deira.
Heldt i handa
– Det var litt skummelt først, men det gjekk fint, og me blei venner med dei andre, fortel Emmelin. Ho får støtte av Maia, som set pris på at dei blei kjende med fleire.
Nokre trong ekstra støtte frå foreldra sine ei tid på ny skule.
– Mamma måtte halda meg i handa i ei veke, hugsar Martine.
Sjølv om fire av dei fem var vane med å ta buss, blei det ei utfordring å ta bussen dei få kilometrane ekstra til Sveio frå Lid for ein av 8-9-åringane.
Tidlegare opp
– Eg våga ikkje å ta bussen med ein gong, men det gjekk seg til etter nokre veker, medgir Helge, som sit rundt 20 minuttar på bussen éin veg, det same gjer Emmelin.
– Eg måtte stå opp veldig tidleg, men det var kult å ta buss lengre, seier Martine. Bussturen hennar, inkludert taxi, er den lengste i gjengen, om lag 30 minuttar morgon og ettermiddag.
– Det var mykje meir lekser på Sveio, seier Maia, som syntest det var kult å sitja lengre på bussen med dei store, men litt skummelt også. Og no er det dei som er dei store.
– Korleis er det på bussen?
– Det er ganske roleg på vår buss, seier Arne Martin, som før kunne gå til skulen.
– Det er roleg på veg fram, for då er alle trøytte, men på veg heim kan ingen stoppa å snakka, smiler Maia.
Større nettverk
– Har de nokre tips til dei som kanskje skal byta skule?
– Eg trur å byta skule kan hjelpa elevane til å få det betre på ungdomsskulen. Det var kanskje vanskeleg i starten, men eg trur det kan hjelpa vidare i skulegangen. Vidare vil alle klassar på ungdomsskulen og vidaregåande vera store, seier Arne Martin.
Emmelin er einig i at det kan vera til hjelp å ha fleire å spela på, spesielt når ein startar på ungdomsskulen.
– Ein kjenner fleire, og har fleire å vera med i 8. klasse, seier ho.
Martine trur det ville vore verre om det berre var dei fem til og med 7. klasse.
– Det ville vore verre om me blei splitta på ungdomsskulen, seier ho, og framhevar også at det store nettverket ein alt har frå ein stor klasse er positivt.