nyhende
Desse varene auka mest i pris i fjor
Prisen på tomatar hadde størst auke i fjor, med 24 prosent. Også laks, aure, pærer, melis, sukker og olivenolje auka mykje i pris.
Onsdag kom Statistisk sentralbyrå (SSB) med prisstatistikk for heile 2023. I snitt auka matprisane med 10 prosent, noko som er den høgaste årsveksten sidan 1982.
Jamt over auka så godt som alle varer i pris, men nokre skilde seg spesielt ut.
Dei som auka mest
Her er dei ti varene som hadde det største prishoppet, ifølgje SSB-statistikken :
- Tomatar (+24 prosent)
- Frosen laks og aure (+23 prosent)
- Pærer (+22,4 prosent)
- Fersk laks og aure (+21,9 prosent)
- Melis og kandissukker (+20,1 prosent)
- Olivenolje (+19,9 prosent)
- Farin, sukkerbitar og raffinade (+17,6 prosent)
- Anna frisk frukt (+17,4 prosent)
- Frosen torsk (+17,1 prosent)
- Svinekjøtt (+17 prosent)
Frosne skaldyr vart billigare
Berre éin av kategoriane for mat- og hushaldsvarer som SSB opererer med, hadde prisnedgang i fjor. Det var frosne skaldyr, som fekk eit priskutt på 0,2 prosent.
Lønnsveksten i fjor er berekna til rundt 5 prosent. Nesten alle matvarer auka meir i pris enn det. Her er matvarene som auka minst i pris:
- Frosne skaldyr (-0,2 prosent)
- Honning og sirup (+3,6 prosent)
- Syrna mjølk og andre mjølkedrikker (+4,4 prosent)
- Vilt (+4,6 prosent)
- Farseprodukt av sjømat (+4,7 prosent)
- Sukkertøy, drops og pastillar (+4,8 prosent)
- Sjokoladedessert og sjokoladeprodukt, inkludert konfekt: (+4,8 prosent)
- Søtingsmiddel (+5,1 prosent)
- Majones / remulade (+5,1 prosent)
- Syltetøy og marmelade (+5,3 prosent)
Vi bruker ikkje meir av inntekta på mat
Sjølv om matprisane auka mykje i 2023, utgjer kostnader til mat framleis ein relativt liten del av budsjettet til nordmenn. Det fortalde forskingsleiar Alexander Schjøll ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO til NTB onsdag.
– Andelen er veldig låg i europeisk samanheng. Til gjengjeld bruker vi veldig stor del av hushaldsbudsjettet på bustad, seier Schjøll.
Rett før jul kom den såkalla Forbruksundersøkinga frå SSB, som måler korleis norske hushald bruker inntekta si. Tala var tekne opp i 2022.
Hovudnyheita her var at andelen vi bruker på bustad, hadde auka til over ein tredel. Mat- og drikkeutgiftene låg stabilt på rundt 11 prosent. Det ser ikkje Schjøll for seg at har forandra seg dramatisk, sjølv om matprisane har auka kraftig dei siste par åra.
– Mat er jo noko vi må ha, så eg vil tru at andelen har auka noko, men ikkje så mykje. Eg vil tru at maks 13 prosent av hushaldsbudsjettet går til mat, seier han.