nyhende

Desse var på basar i helga

Over 80 personar var på laurdag samla til basar på omsorgssenteret i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

For mange var det ein etterlengta samling som har vore utsatt i tre og eit halvt år grunna pandemien.

Fleire av dei flotte gåvane var sjølvstrikka og snikra av frivillige. Det vart og ein musikkopptreden frå bandet Sela.

Fekk god hjelp

Det var omsorgssenteret som arrangerte basaren, og dei fekk hjelp av pårørandeforeningen.

Jørgen Eikeland og Lars Eikehaugen har snikra ein gyngehest saman, men kor lang tid dei har brukt kan dei ikkje sei med sikkerheit.

— Det vart ein time arbeid, og eit par timar med prat kvar dag, seier Jørgen.

Ein plass på basaren som mange var innom var kaffi og kakedisken. Der sto frivillige frå pårørandeforeningen og selde mykje godt.

— Har sakna dette

Einar Halleland er «basargeneral» og er den som les opp vinnarar.

— Det er tre og eit halvt år sidan sist. Eg har sakna dette, seier han.

Oldemor til Terje, Kari Coomans, vann også noko. Eit fuglehus
— Dette var kjekt, seier ho.

Powered by Labrador CMS