nyhende
Desse to har god grunn til å smile
Ein time føre røystelokala stengde viste tala ein samla valoppslutnad på omlag 60 prosent. Med resultatet frå førhandsrøystinga lagt til grunn betyr det at mykje rart skal skje om ikkje Vestland går sigrande ut av folkerøystinga i Sveio.
Sveio-ordfører Linn Therese Erve (Ap) er glad for at så mange som 60 prosent av alle sveibuar over 16 år har røysta.
Ho meiner opplsutnaden på omag er høg nok til at kommunestyret får eit godt svar.
Nøgd med det førebelse resultatet
Erve har sjølv tidlig fremja eit personleg standpunkt om at ei tilhøyrsle til Vestland er det beste for Sveio kommune.
Førehandsrøystene viser at 58,2 prosent vil bli verande i Vestland.
Ein time før vallokala stengde var det 900 som hadde røysta måndag. 1.744 hadde røysta på førehand.
Særs mange av dei som røysta måndag må ha røysta for Rogaland for at resultatet skal vippe ein annan veg enn det resultatet av førehandsrøystene viser.
— Eg personleg er nøgd med resultatet så langt, seier ho.
Det førebelse resultatet, med førehandsrøyster og måndagens røysta samle, er venta tidlegast ved 22-tida måndag kveld.
— Kan leve med Vestland
Lars Einar Hollund (H) er ein av dei som snakka varmt for Rogaland. Han er nøgd når han høyrer kor høg valdeltakinga har vore.
Og resultatet, om det blir Vestland, vil han leve greitt med, sjølv om han håpar på Rogaland.
— Vi har levd med Vestland i mange år, og skal greie å leve med det også i mange år framover, seier han.
Han håpar likevel på eit lite mirakel, at Rogaland vinner, til slutt.
— Det er alltid håp i hengande snøre. Men om me får eit så tydeleg resultat til som førehandsrøystene tyder på, så er jo svaret greitt, seier han.
— Det viktigaste er at me er sveibuar
Han legg til at det folkerøystinga ikkje handlar om nokon stor revolusjon for Sveio.
— Eit byte av fylke har ikkje dei forferdeleg store konsekvensane for folk flest, og om dette resultatet blir ståande er det heilt ok, seier han,
Han trur også at dei fleste som vil gå sørover også vil akseptere resultat, på same måte som dei som vil bli Vestlund hadde akseptert å blir ein del av Rogaland.
— Me er uansett alle sveibuar. Det er det viktigaste, seier Hollund.