nyhende
Desse møter du garantert i langrennsløypene denne påska
Vi nordmenn er glade i vinteren, og vi elskar å gå på ski. Det er i alle fall det biletet vi likar å ha av oss sjølve. Vi har over tusen års historie som skinasjon, og slikt kan vi ikkje skusle bort. Så lenge det dalar snø ned frå himmelen, kjem vi til å gå på ski.
Påska er avslutninga på skisesongen for dei fleste skientusiastar. Då dreg også folk som tidlegare på vinteren kanskje ikkje har vore så veldig ivrige, fram skiutstyret frå kjellarar og garasjar.
Det er sjølvsagt mange måtar å gå på ski på, både oppover, nedover, med eller utan heis, bortover og på tvers. Her konsentrerer vi oss om den største gruppa, dei som føretrekkjer å gå på skitur i ferdigpreparerte langrennsløyper.
Treng nesten ikkje å ta i
I gamle dagar måtte folk lage løypene sjølve, men no har sjølv det minste idrettslag eller skisenter ein løypemaskin av typen Pisten Bully til fleirfaldige millionar kroner. Dei lagar perfekte spor og folk strøymer til løypene. Spora har blitt så bra at ein nesten ikkje treng å ta i.
Det å gå utanfor oppkøyrde løyper har vorte for dei spesielt interesserte. Med smørjefrie felleski er ein temmeleg hjelpelaus utanfor oppkøyrde spor, og stadig fleire vel ferdigpreparerte løyper framfor å måtte styre og søle med den evinnelege klistersmurningen – som har høyrt påska til i uminnelege tider.
Her kjem nokre av dei du heilt sikkert kjem til å møte på. Alt er basert på eigne erfaringar og fordommar:
Hundeluftaren
Hundeluftaren kjem i mange kategoriar. Til dømes hundeeigaren som eigentleg ikkje er spesielt glad i gå på ski, men som gjerne vil at kjæledyret skal ha ferske og mjuke spor å gå i. Derfor held han seg heile tida oppdatert om når løypemaskinen har vore i aksjon, og han er gjerne på plass i sporet imponerande kort tid etter prepping.
Hunden går i eit fleire meter langt band, hoppar og sprett over heile løypa, trakkar fotspor i det nypreppa skisporet, til sterk irritasjon for dei som er der for å gå på ski. Dyret vil gjerne også snuse alle det møter i skrittet, både dyr og menneske, og med det lange halsbandet greier ikkje hundeluftaren å halde undersåtten sin i ro. Så her er det duka for ein del kaotiske situasjonar.
Hundeluftaren stiller seg totalt uforståande til at ikkje alle er like forelska i husdyret hans som han sjølv. Dressurkurs er heilt unødvendig, meiner han, for dette kan han best sjølv. Og ver klar over at dette er den sterkast veksande gruppa i skiløypene, og det er snakk om både menn og kvinner.
Nikkers-adelen
Dette er skiløypene sine gentlemen. Vi snakkar om godt vaksne menn med Setter, anten det no er irsk-, engelsk- eller gordon-, og dei har sjølvsagt nikkers, anorakk og klassiske solbriller. Hundane er skarpt dresserte og lyfter knapt på auget utan å ha fått aksept frå eigaren.
Nikkersadelen har i ung alder lært seg korleis ein har med hund i skiløypa. Setteren blir halden i kort band til høgre for skisporet, aldri i sjølve skisporet. Det er eit adelsmerke for denne gruppa. Dei ristar på hovudet av hundeluftarane med dei lange halsbanda og manglande dressur, men er altfor danna til å ta dei i skule om korleis det eigentleg skal gjerast.
Kona er ikkje så ofte med på tur, ho held seg ved hytteveggen og har maten klar når mannen er ventande heim.
Nikkersadelen er ei gruppe det blir stadig færre av i sporet.
Treningsnarkomanen
Tidleg november eller midt i påska, det er det same for denne kategorien. Dei har berre eitt stille, og det er full fart. Her er det ikkje snakk om appelsin eller Kvikk Lunsj i sekken, her er det ryggsekk med sportsdrikk og slange rett i munnen. Sveitten driv, og det er aldri tid til å ta seg pause.
Treningsnarkomanen, og i kategorien er det både menn og kvinner, går sjølvsagt både Birken, Marcialonga, Vasaloppet og alle dei andre store langløpa. Resten av året spring dei rundt i skog og mark og tek gjerne med seg ein maraton eller fem. Det er det dei ladar opp til i påska. Dei har aldri tid til å snakke med kjentfolk dei møter i løypa.
Fleire i denne kategorien har også med seg bikkje, gjerne frittgåande. Dei har aldri tid til å stanse og fjerne driten etter kjæledyra sine, det må andre gjere. Dei er gjerne kledde i kondomdress, hyperraske solbriller og elles det siste innan ski, stavar og sko. Dette er ei stabil gruppe.
Frisksportaren
Denne typen likar også å gå fort, men har enno ikkje gått så langt som å kjøpe kondomdress. Og dei deltek heller ikkje konkurransar. Det er både kvinner og menn i denne gruppa, og par har ofte matchande klede frå den siste kolleksjonen til dei store sportskjedene. Gjerne den same som det norske landslaget brukar.
Dei er også utstyrte med raske solbriller. Dei som opererer i par brukar gjerne begge skispora slik at dei kan halde ein samtale gåande, men er i all hovudsak flinke til å flytte seg når det kjem skiløparar i mot. Ei veksande gruppe, og stadig fleire av dei har med seg hund.
Veteranen
Veteranen er godt vaksen og likar å halde seg i form. Han – eller ho – har gått på ski heile livet, men skiftar ikkje utstyr i utrengsmål. Har gjerne eit par Landsem-ski frå 1970-talet, og han har framleis den tettsitjande skidrakta frå same tiåret, då han i ein periode deltok i ein del turrenn. Alternativt ei velbrukt treningsdrakt frå Norheim med raud overdel og blå bukser med heil glidelås, også frå 70-talet.
Han er sterkt kritisk til utstyrsjaget som pregar skisporten i dag. Er høfleg og jovial, og tek seg gjerne tid til ein prat om han møter kjentfolk i løypa. Har ofte sterke meiningar. Dette er ei gruppe på retur.
Påsketuristen
Før i tida gjekk denne gruppa ofte turar til ulike mål gjennom påska, gjerne til ein knaus eller eit anna høgdedrag. Men etter at dei oppkøyrde løypene har vorte meir og meir vanlege, så har dei konvertert. No er det smørjefrie felleski som gjeld, og dei fungerer dårleg i laussnøen eller på skare.
Sekken blir som før pakka med kaffikjel, ved, pølser, solkrem, Kvikklunsj, appelsinar og elles alt som høyrer til, men no slår dei leir maks ti meter frå det oppkøyrde sporet.
Dei stansar og slår av ein prat når dei møter kjentfolk, og dei kan ikkje forstå desse som heile tida må gå i eit tempo som om dei hadde han Gamle Erik sjølv i hælane.
Denne gruppa har ikkje pulsklokke, og dei tel ikkje kilometer. Her er vårsola og det sosiale det viktigaste. Mange familiar, gjerne tre generasjonar saman, er i denne kategorien, og i tillegg er det gjerne ein hund eller tre med på turen. Ei relativ stabil gruppe talmessig, men også her aukar andelen med hund.
Sett under eitt er nok husdyr, i all hovudsak hundar, den sterkast aukande gruppa i skispora.