nyhende

E39 gjennom Sveio.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
E39 gjennom Sveio.

Desse kjempar om stor vegkontrakt

Sveio er ein del av den store vedlikehald-oppdraget som åtte verksemder vil ha kloka i.

Publisert Sist oppdatert
NPK/VESTAVIND: Heile åtte firma ønskjer å vedlikehalde riksvegnettet i tolv kommunar i Nord-Rogaland, Ryfylke, Sunnhordland og Hardanger.

Det er i Rogalands-kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Vindafjord, Suldal og delar av Hjelmeland, og Vestlands-kommunane Sveio, Stord, Fitjar, Etne og delar av Ullensvang, at Statens vegvesen så snart som mogleg vil gå i gang på E134, E39 og riksveg 13.

Dei åtte firmaa som konkurrerer om oppdraget, har lagt inn tilbod på mellom 19,5 og 30,5 millionar kroner.

Det er store variasjonar i oppdragsmengda, noko som understrekar kompleksiteten i drift og vedlikehald av vegnettet på riks- og europavegane.

– I tunnelar skal vi reinske med spett, sprøyte betong og bola, i tillegg til at vi skal legge fiber. Vi skal rydde vegetasjon, etablere gangfelt, oppgradere trafikkøyer og totalt åtte busslommer. Vi skal skifte ut gamle gatelys og skilt, montere nye rekkverk, forbetre grøftar og montere nye vasskummar, seier byggjeleiar Einar Stange i Statens vegvesen.

Desse konkurrerer om jobben:

Tilbyder Tilbudssum ekskl. mva:
Jostein Myge AS 19.470.000,00
Landmark Maskin AS 24.854.844,65
Vats Anlegg AS 26.214.512,54
Mesta AS 28.044.017,50
Stord Anlegg AS 28.900.370,25
BG Suldal AS 29.928.269,44
Vassbakk og Stol AS 30.006.107,00
BMO Tunnelsikring AS 30.557.375,00

Powered by Labrador CMS