nyhende

Ordførar Linn Therese Erve (Ap).ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Ordførar Linn Therese Erve (Ap).

Derfor vil Sveio busetja flyktningar sentralt

Busetjing av flyktningar kan bidra positivt til folkevekst i heile Sveio. Ein bør derfor også vurdera Auklandshamn, Valestrand og Vikse likt, heiter det i ein interpellasjon frå Senterparti-gruppa til kommunestyret i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

På kommunestyremøtet måndag kveld forklarte ordførar Linn Therese Erve (Ap) kvifor kommunen helst ønskjer å busetja flyktningane i Sveio sentrum og Førde, og dernest langs E 39.

Den største utfordringa ved å plassera flyktningane andre stadar, er transportbehovet til barnehage, skule og arbeidsplassar, forklarte ordføraren.

Kort veg til butikkar, helsetenester og offentlege kontor er også medverkande årsak til at kommuen helst vil samla flyktningane på dei mest sentrale plassane.

Sp-representantane hadde ingen kommentarar til svaret frå ordføraren.

Powered by Labrador CMS