Haugaland kraft jobbar ofte om nettene slik at færrast mogleg blir påverka av straumstans. Natt til fredag var det eit planlagt arbeid som blei utført, men ein uføresett feil førte til at kundar kopla til same trafo starta dagen utan straum. Feilen oppstod klokka 05.15.
– Me heldt på med planlagt arbeid på ein stasjon. Etter endt arbeid skulle me legga inn straumen til stasjonen. Då oppstod det ein feil, som resulterte i at ein del av våre kundar mista straumen frå klokka 05.15 i dag morges. Dei aller fleste fekk straumen tilbake i løpet av ein gode ti minuttar, men ein del kundar måtte venta til 06.40, seier Gunn-Margareth Lassesen, kommunikasjonsdirektør i Haugaland kraft.
Områda i Sveio som hadde straumbrot var Sveio sentrum, Tjernagel og Buavåg, men straumbrotet var ikkje berre i Sveio.
– Me har nokre få område med enkeltkundar me jobbar med. Siste beskjeden eg fekk, var at dei aller fleste skal ha fått straumen tilbake no. Om nokon kundar mot formodning ikkje har straum, ta kontakt med Haugaland kraft, oppmodar Lassesen.