nyhende
Der det er påskesnø i dag kan det bli bert i framtida
Vinteren og snøsesongen krympar alle stader i Noreg. Ei ny, nettbasert teneste viser kor mykje snø, sludd og regn dei viktigaste skiregionane i Noreg kan vente seg i slutten av hundreåret. Skisenter som ligg lågt i terrenget og nær kysten, vil vere dei første som tapar.
Det viser forskingsprosjektet ClimTour som Vestlandsforsking leier.
— Dei som har lite snø i dag, vil merke endringane mest, seier Hanne Heiberg. Ho er forskar i klimatenesteavdelinga ved Meteorologisk institutt og tilknytt Klimaservicesenteret.
Saman med ein kollega har ho undersøkt kor mykje nedbør dei neste tiåra vil bringe i dei viktigaste skiregionane for norsk reiseliv.
Eit aktuelt døme på ein utsett region er Lofoten, eit populært reisemål for mange skikøyrarar. Ved midten av hundreåret vil fjelltoppane i regionen ha så lite som 20–30 dagar med snøfall i året, mot dagens 75 dagar med snøfall per år.
— Toppane i Lofoten vil altså få ein reduksjon på 60 prosent i dagar med snøfall alt ved midten av hundreåret, seier Heiberg.
Frå 80 til 30 dagar med snø?
Gjennomsnittet for Noreg ser slik ut:
Frå eit årleg snitt på 80 dagar med snøfall dei siste tiåra vil vi ved midten av hundreåret vere nede i rundt 60 dagar.
Når vi kjem til slutten av hundreåret, vil vi i snitt berre ha rundt 50 dagar att med snøfall. Då har forskarane gått ut frå eit middels utsleppsscenario, der landa i verda verken lukkast godt med å løyse klimaproblemet eller mislukkast heilt.
At verda faktisk lukkast så godt med å løyse klimaproblemet, er slett ikkje sikkert. Talet på dagar med snøfall kan altså òg bli færre enn dette.
— Viss vi derimot går ut ifrå eit høgutsleppsscenario, altså at vi verkeleg ikkje får ned utsleppa, vil Noreg vere nede i rundt 30 dagar med snøfall mot slutten av hundreåret. Det betyr ein nedgang på 60 prosent frå i dag, seier Heiberg.
Sjølvsagt finst det område som har langt meir snøsesong å tære på enn andre, som høgfjellet i Sør-Noreg og Finnmarksvidda. Med høgutsleppsscenarioet er det nesten berre dei som sit att med ein ordentleg vinter.
Her finn du snøen i framtida
Skisenter og andre som driv med snøbasert aktivitet vil difor bli ulikt råka alt etter kvar dei ligg i landet, fortel Eivind Brendehaug, prosjektleiar og forskar ved Vestlandsforsking.
— Dei som ligg høgt oppe og langt inn i landet vil klare seg lengst og vil oppleve auka pågang. Dessverre vil dei som ligg lågt i terrenget og nær kysten, oppleve aukande problem. Det vil nok framleis bli høve til ski- og snøaktivitet i påsken i åra framover, men snøtilhøva vil bli meir usikre. Det blir med andre ord større variasjon år for år og mellom plassar. År med dårlege skiforhold når det er sein påske, vil kome hyppigare enn tidlegare, men dette er mykje avhengig av kvar ein er, seier Brendehaug.
Han nemner stader som Geilo, Hemsedal, Røldal og Gaustatoppen som skidestinasjonar som vil klare seg godt medan kystnære stader vil få langt færre dagar med snø enn det som er tilfelle i dag.
Ta klimavenlege val
— Dette er basert på prognosar, kan vi redde snøen dersom vi blir flinkare til å redusere klimautsleppa?
— Ja, det beste vi kan gjere er å redusere utsleppa i dag, og utvikle ferie- og fritidsaktivitetar som brukar mindre energi og forbruk av ting. Om du tek ein tur i nærområdet ditt, eller reiser kollektivt til turområdet, er du berekraftig. Alle monnar dreg, men det viktigaste er at folk i Noreg gir politikarane lov til å stramme inn politikken, gjere det langt dyrare å sleppe ut klimagassar og forbruke natur, det vil seie stoppe utbygging av hyttefelt, motorvegar, vindkraftverk og bruke mindre energi. For å oppnå store endringar er vi avhengig av at politikken gjer det fornuftig for folk å handle klima- og naturvennleg.
Merkar alt endringar i fjellet
— Vi som har brukt fjella dei siste 20 åra, legg merke til store endringar. Fleirårige snøfonner blir borte, breane krympar og stiar blir vaska ut, seier forskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.
Han har delteke i prosjektet ClimTour. I tillegg driv han sjølv med bre- og fjellføring.
Guidar som Dannevig har intervjua, gir uttrykk for at dei synest det er trist at fjellet blir mørkare, men at det førebels betyr lite for pågangen. Risikoen ved å ferdast i fjellet er derimot litt høgare.
— Smeltande snø og is gjer at det blir meir lausgods og fare for steinsprang. Den største endringa er jo at snøfelta i fjellet forsvinn og at breane blir mindre. Ein del ruter opp på klassiske fjell blir meir prega av laus stein og berg der det tidlegare var snøfelt, til dømes på Store Austanbottstind og Lodalskåpa. I tillegg vil det regne høgt til fjells gjerne fleire gonger per vinter. Det gjorde det sjeldan før.
— Betyr dette at det blir meir eksklusivt å drive med dette i framtida?
— På lang sikt vil det bli stadig færre stader med snø og is, så opplevingar knytt til det vil bli meir eksklusive. Eg var nyleg i Alpane, og der er det ikkje snø rundt byane og landsbyane der turisthotella ligg, sjølv om desse ligg på 1.000–1.500 meter over havet. Ein må ta gondol høgt til fjells før ein møter snøen. I Noreg vil turistar kunne oppleve å bu i eit snødekt vinterlandskap i endå nokre tiår. Så vi vil nok kunne merke auka tilstrøyming av snøhungrige turistar frå Europa.
Aukar medvitet om naturendringar
Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg 600 meter tilbake dei siste 20 åra. Det har gjort turen til brefronten mykje meir vanskeleg, og ikkje alle som før kunne komme seg på breen, kan det no.
Forskaren fortel at han er blitt meir oppteken av at guidar og andre som jobbar i reiselivet, må nytte høvet til å snakke om dei synlege endringane i fjellet og slik auke medvitet om klima- og naturendringar blant turdeltakarar.
— Guidane svarar at dei gjer det, men det sit langt inne å knyte endringane til dei vala vi gjer som forbrukarar, sidan dei sjølve er avhengige av at folk reiser, seier Halvor Dannevig.