nyhende
Denne helga får du ein ekstra time natt
Det offisielle tidspunktet for å gå frå sommartid til vintertid er klokka 03.00 den 26. oktober. Då stilles klokka tilbake til 02.00. I dag stiller mange klokker seg sjølv, men hugs å stilla dei som ikkje gjer det.
Eller som tommelfingerregelen seier: ein stille klokka tilbake ein time mot sommaren siste helga i oktober. Me får ein ekstra time av natta dette døgnet, og litt lysare morgonar framover.
Historien om sommar- og vintertid er ønsket om å nytta dagslyset best mogeleg, spara kol og etter kvart straum.
Innført, fjerna og innført igjen
I nyare tid ser det ut til at sommartid har liten effekt på energiforbruket. I USA har ein rekna på effekten av sommartid, og dei har kome fram til at landet som heilskap sparar 0,03 prosent straum på å stilla klokka.
Sommartid har vore innført og fjerna fleire gongen i Noreg. Sommartid, som også fører til vintertid, vart avvikla etter 2. verdskrig. Så blei sommartid innført igjen på slutten av 50-tallet, før ordninga nok ein gong blei avvikla av Stortinget i 1965.
I 1980 bestemte Noreg seg for å følga resten av Europa, og sidan har me halde oss til EU-standarden: Éin time fram siste søndag i mars, og éin time tilbake siste søndag i oktober.
Litt fun facts på ein laurdag:
- Justervesenet bestemmer over den offisielle tida i Noreg. Etaten ligg no under Nærings- og fiskeridepartementet slik at nærings- og fiskeriministeren også er tidsminister.
- Benjamin Franklin var den første som føreslo sommartid i eit essay frå 1784, men det var ikkje før Tyskland og andre land innførte det under første verdskrig i 1916 at det blei ein realitet. Då var det for å spara kol som skulle brukast i krigen
- Nabolanda våre Sverige, Finland og Danmark har sommartidordning i dag. Island, Belarus (brukte sommartid frå 1941 til 2010) og Russland (permanent avskaffa sidan 2015) i har ikkje.
- Dei første «klokkene» blei ikkje funne opp, men var basert på systematisk observasjon av naturlege fenomen som viser tida sin gang. Soluret er blant dei tidlegaste astronomiske instrumenta.
- I eit solur nyttar ein jorda sin jamne rotasjon og skuggen frå ein sentral ståande visar til å laga ei urskive som viser tida sin gang. Solur fantest i det gamle Egypt og blir også nemd fleire stader i det gamle testamentet.