nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Denne ferja blir ikkje gratis

Alle ferjereiser på strekningar med under 100.000 passasjerar blir gratis frå 1. juli. Buavåg-Langevåg er litt for populær til å sigle inn under ordninga.

Publisert Sist oppdatert
NTB-NTP/VESTAVIND: I revidert nasjonalbudsjett, som kjem til veka, set regjeringa av 39 millionar kroner til kutt i ferjekostnader.

Det var NRK som skreiv om saka først.

– Det er ei enorm verdiskaping langs kysten, men mange har utfordringar med busetjing. Ferjebillettane er veldig dyre, og dette er eit konkret bidrag som vil gjere det lettare for næring og fastbuande, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

Litt for populær

Det einaste ferjesambandet i Sveio, Buavåg-Langevåg, hamnar akkurat utanfor ordninga. I fjor reiste 122.186 passasjerar med ferja, synar tal frå ferjedatabanken. Berre passajergrunnlaget i januar og februar ville kvalifisert for gratis ferje, om ein legg gjennomsittstal til grunn.

Dette var passasjertalet for Buavåg-Langevåg-sambandet i fjor:

I årets budsjett er det allereie sett av 30 millionar kroner for å gjere dei minste sambanda gratis. På heilårsbasis kostar det 165 millionar å innfri løftet til regjeringa, ifølgje Finansdepartementet.

30 samband

Ifølgje tal frå Ferjedatabanken som NRK har sett på, var det i 2019 over 30 samband med under 100.000 passasjerar i Noreg.

I Hurdalsplattforma lovar regjeringa i tillegg å innføre ei ordning med gratis ferje for øyer og andre samfunn utan vegsamabnd til fastlandet.

Gratis til Utsira

Vedum seier regjeringa har som mål å redusere alle ferjeprisar med 50 prosent og at det skal skje gradvis.

Mellom ferjesambanda som blir gratis å reise med er Haugesund-Utsira.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS